Konferanse: Kommunal informasjonstryggleik 2005
(17.02.2005) Gunnel Helmers 
print

Foreininga Kommunal Informasjonssikkerhet KINS arrangerer ein konferanse på Lillehammer 19 og 20 april. Konferansen rettar søkjelyset mot utfordringar, moglegheiter og løysingar innan kommunal sektor.

Deltakarane skal få ei oppdatering på kor kommunal informasjonstryggleik står i dag, og vise vegen for korleis kommunane kan kome vidare i arbeidet for betre informasjonstryggleik.

Avdelingsdirektør Leif T.Aanensen i Datatilsynet er ein av foredragshaldarane på konferansen.- Ein skulle kanskje tru at storleiken og ressursane til verksemda vil påverke i kva grad ein har etablert eit fungerande internkontrollsystem eller ikkje.Ein slik samanheng har vi ikkje funne.Det avgjerande er kva kunnskapar og haldningar leiinga i verksemdene faktisk har i forhold til dette arbeidet, seier Aanensen.

Foredrag og gruppearbeid

På konferansen vil det bli formidla konkrete erfaringar frå kommunar som har gjennomført spesielle tiltak.Ein rettleiar for korleis kommunar kan kome i gong med eit systematisk arbeid vil også bli presentert.Gjennom gruppearbeid får seminardeltakarane høve til å diskutere korleis arbeidet med informasjonstryggleik kan utførast i praksis.Deltakarane vil få dokumentasjonen frå gruppearbeida tilsend i etterkant.

I 2004 samla konferansen 170 deltakarar frå kommunar, fylkeskommunar og ulike verksemder knytte til kommunesektoren.

Les meir om konferansen Kommunal Informasjonstryggleik 2005 på KINS sine eigne heimesider (nytt vindauge)

 

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy