Forskingsprosjekt får likevel konsesjon
(28.02.2005) Gunnel Helmers 
print

Personvernnemnda tok til følgje ei klage frå forskingsprosjektet "Suicidal atferd i Bergensområdet".

Klagaren har på grunnlag av ein konsesjon frå 1983 følgt ei gruppe på 470 personar som alle hadde vore innlagt for sjølvpåførde skadar.Ved ein ny konsesjon frå 1997, gitt med heimel i den no utdaterte personregisterlova, blei kopling til Dødsårsaksregistret tillate.Klagaren søkte om fornying av konsesjonen eitt år etter at overgangsreglane til personregisterlova var stoppa.Datatilsynet gav ikkje konsesjon.

Personvernnemnda behandla klaga som søknad om ny konsesjon, og fann at prosjektet kan byggje på nødvendighetsgrunngivinga i personopplysningslova § 8 literen d, og at vilkåra i personopplysningslova § 9, 1.ledd literen h. var tilfredsstilt.Klaga blei dermed teken til følgje.

På generelt grunnlag meiner Personvernnemnda likevel at etterleving av vilkåra i tidlegare konsesjonar kan ha tyding i konsesjonsbehandlinga.Nemnda peiker på at det vil vere naturleg å sjå på kva slags føresetnader som måtte vere brotne, og årsaka til eventuelle brot.Evna eller viljen til å sikre kvalitet og tryggleik vil dermed vere eit tema.

Les vedtaket: Klage på Datatilsynets vedtak om å nekte konsesjon for ferdigstillelse av forskningsprosjektet ”Suicidal atferd i Bergensområdet”. (Nytt vindauge)

 

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy