Dei tilsette ved ein kafé i Bærum blei overvakte i store delar av produksjonslokalet. Datatilsynet påla verksemda å avgrense overvakinga. Verksemda klagde på vetaket. No har Personvernnemnda avgjort saka, og klagar fekk ikkje medhald.
Personvernnemnda slutta seg til Datatilsynet i at det må finnast ei grense for kor intensiv overvaking som kan verte tillate på ein arbeidsplass. Det skal også vere grenser for kor mykje overvaking dei tilsette kan samtykkje til.
Våren 2002 varsla Datatilsynet ei verksemd i Bærum om pålegg om å slutte med kameraovervaking av dei tilsette. Etter tilbakemelding frå verksemda gjekk tilsynet likevel med på at kasseområdet og området der pengane i kassa blei talde opp kunne bli overvaka. Datatilsynet understreka i vedtaket at overvakinga ikkje skulle bli permanent, og at behovet for tiltaket måtte vurderast fortløpande.
Hausten 2004 kom Datatilsynet på umeld kontroll til verksemda. Då såg tilsynet at verksemda ytterlegare hadde utvida overvakinga slik at dei tilsette blei filma i store delar av produksjonslokalet.
Datatilsynet såg overvakinga som eit inngrep i dei tilsette sitt personvern. Overvaking av område der tilsette ferdast er ulovleg dersom ein ikkje har eit særskilt behov. Datatilsynet fann at verksemda berre har særskilt behov for overvaking i direkte tilknyting til kassa, og av ”teljerommet” i det tidsrommet oppteljinga skjer.
Eit samtykke til overvaking frå dei tilsette kan ikkje utan vidare gi lovgrunnlag for overvaking, meiner Personvernnemnda. Ein tilsett kan i hovudsak ikkje velje heilt fritt etter kva han eller ho ønskjer sjølv. Eit samtykke vil derfor ha avgrensa verdi. For at ein skal kunne leggje avgjerande vekt på eit samtykke i arbeidslivet, vil ein måtte sjå på kva omstende samtykket er gitt i, om det er del av ein gyldig inngått arbeidsavtale, eller byggjer på ein avtale som er forhandla mellom organisasjonane i arbeidslivet. Det er ikkje tilstrekkeleg at ein forsikrar seg at dei tilsette har fått nødvendig informasjon og at dette stadfestast ved underskrift.
Les vedtaket til Personvernnemnda (nytt vindauge)