Datatilsynet og Nelfo/Telfo avlyser det planlagte seminaret om kameraovervaking i Trondheim torsdag 22. september 2005. Årsaka er manglande påmelding.
Bakgrunn
Det blei arrangert eit liknande seminar på Gardermoen tidlegare i år, og det viste seg å vere svært populært.Arrangørane bestemde seg derfor for å halde liknande seminar også i andre distrikt for å møte behovet for informasjon på dette området.
Alle har ei interesse i å verne liva og verdiane sine, men samtidig skal ein unngå misbruk av personopplysningar.Dette er eit motsetningsforhold det er viktig å setje fokus på.Foredragshaldarane representerer ulike aktørar slik at deltakarane kan få eit innblikk i problem og moglegheiter, framtidsvisjonar og erfaringar, bruksområde og regelverk, for å nemne noko.Det skal óg setjast av god tid til diskusjon og spørsmål frå salen.
Nelfo er ein bransje- og arbeidsgivarorganisasjon for bedrifter som arbeider med installasjon innanfor elektrofaga i Noreg.Telfo er ei landsforeining i NHO for bransjeforeiningar som organiserer bedrifter innanfor tekniske entreprisar.