Personvernombod i kommunen?

print
(21.10.2005) Guro Skåltveit 

Per i dag er det berre 13 av landet sine kommunar som har personvernombod. Datatilsynet har derfor sendt ut brev til alle kommunane for å informere om ordninga.


Kommunane behandlar dagleg store mengder personopplysningar. Denne behandlinga kan medføre at det oppstår ulike spørsmål slik som; har vi lov til dette? Er dette ein trygg måte å løyse problemet på? Einskilde gangar kan ein motta klager eller krav frå dei registrerte, eller det oppstår ein feil. I slike situasjonar kan verksemda vende seg til Datatilsynet for å få hjelp. Likevel vil det ofte vere ei betre løysing å opprette eit personvernombod

Rådgivar og kontaktperson
Eit personvernombod er ein ressursperson som kjenner verksemda, kva personopplysningar som blir behandla til kva formål og ikkje minst kva krav lovgivinga stiller til slike behandlingssystem. Ombodet fungerer som ein rådgivar internt, men kan også vere ein kontaktperson for kommunen sine innbyggjarar i spørsmål om rettar etter personopplysningslova, for eksempel innsyn, retting og sletting.

Datatilsynet inviterer i brevet kommunane til å ta kontakt slik at eit informasjonsmøte kan arrangerast.

Dersom du er interessert i å vite meir om dette kan du gå direkte til denne nettsida med meir informasjon ordninga. Der finn du blant anna meir stoff om fordelane med eit eige personvernombod, ulike rettleiarar som kan vere til hjelp og oversikt over dei verksemdene som allereie har innført ordninga.

Les brevet til alle kommunane her

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy