NTNU tiny logo NTNU Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Det Historisk-filosofiske fakultet Rediger denne siden
 
Det Historisk-filosofiske fakultet
 
Innhold:

Viktige meldinger:


RSS-feed for HF-fakultetetRSS-feed
Rediger denne siden

Informasjon om opptak til PhD-programma ved
Det historisk-filosofiske fakultetet

Det er fleire ting som er avgjerande for å bli teken opp på PhD-programma ved Det historisk-filosofiske fakultetet. Her er dei punkta vi får flest spørsmål om:

1) Opptaksgrunnlag

Høgare grad (hovudfag eller disiplinbasert mastergrad) innanfor det fagområdet som høyrer inn under det PhD-programmet man søkjer opptak til.

For meir informasjon om dette, sjå den aktuelle studieplanen og Forskrifta § 5.1

2) Rettleiing

Du må ha kontakt med fagmiljøet og ein intern rettleiar ved det aktuelle instituttet.

3) Forskingsprosjekt

Her er det prosjektskildringa som er avgjerande. Ingen blir tekne opp på PhD-programma våre utan ei grundig vurdering av det faglege innhaldet i prosjektet. Både rettleiaren, instituttet og leiaren for det aktuelle PhD-programmet må tilrå søknaden for at kandidaten skal få opptak.For å finne ut litt om kva prosjektskildringa skal innehalde, kan du ta ein titt på side 2 i studieplanen for det PhD-programmet som er mest aktuelt for deg. Studieplanane finn du ved å gå inn på sidene til PhD-programma. Ta utgangspunkt i http://www.hf.ntnu.no/hf/adm/forskerutdanning/phd. På denne nettstaden finn du òg ein del anna informasjon om PhD-studiet.

4) Finansiering

Dette er eit absolutt krav. Ingen får opptak utan ein skikkeleg finansieringsplan. Det historisk-filosofiske fakultetet lyser som regel ut stipend ein gong i året - i vårsemesteret. Utlysingane vil bli lagt ut på Innsida og jobbnor.no. Ei anna aktuell finansieringskjelde kan vere Noregs forskingsråd, men dei har i det siste ikkje gitt individuelle doktorgradsstipend, så då må du vere knytt til eit større prosjekt. Du finn meir informasjon om Noregs forskingsråd på nettstaden deira. Viss du er tilsett ved ein høgskule, kan det òg vere mogleg å få ein finansieringsavtale frå arbeidsgjevar.


Redaktør: Leder for enheten: Ivar Østerlie. Kontaktperson:webmaster Siden sist oppdatert: 28/06/2006, 10:21