NTNU tiny logo NTNU Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Det Historisk-filosofiske fakultet Rediger denne siden
 
Det Historisk-filosofiske fakultet
 
Innhold:

Viktige meldinger:


RSS-feed for HF-fakultetetRSS-feed
Rediger denne siden

Forskingsmidlar

På denne sida finn du informasjon om utlysingar av forskingsmidlar frå lokale, nasjonale og internasjonale kjelder som kan vere relevante for forskinga ved Det historisk-filosofiske fakultetet.

Det historisk-filosofiske fakultetet

  • Frikjøp av doktorgradskandidatar i samband med disputas

NTNU

Noregs forskingsråd

Viss du skal søkje forskingsmidlar frå Noregs forskingsråd, må du gjere det frå eit program/aktivitet som lyser ut midlar. Hovudsøknadsfristen er 15. juni kvart år. I tillegg blir det lagt ut utlysingar som du kan finne her.

Alle søknader til Noregs forskingsråd skal gå om fakultetet for å bli signerte av fakultetsdirektøren.

EU

  • EUs rammeprogram for forskning

    2 program innafor EUs 6. rammeprogram for forskning (perioden 2002 – 2006) er aktuelle for faga ved Det historisk-filosofiske fakultetet::

Nordiske midlar

  • Nordisk Forskerutdanningsakademi (NorFa) deler kvart år ut omkring 40 millionar NOK til nordisk samarbeid innafor forsking og forskarutdanning. NorFa har desse støtteformene:
    • Forskerutdanningskurs, søknadsfrist 2. mai
    • Nettverks med, søknadsfrist 2. mai
    • Planleggingsmøter, søknadsfrist 1. februar, 1. juni og 1. oktober
    • Mobilitets- og kursstipend, søknadsfrist 1. februar, 1. juni og 1. oktober
  • Utenriksdepartementet - Forsker- og studentkanalen
  • Nordplus Nabo er eitt av Nordisk ministerråd sine fem mobilitets- og nettverksprogram. Målsettinga er å utvikle nettverkssamarbeid mellom utdanningsinstitusjonar, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar.  Nordplus Nabo omfattar Danmark, Finland, Island, Noreg, Sverige, Estland, Latvia, Litauen og Nordvest-Russland. Nordpluss Nabo lyser ut midlar med søknadsfrist 1. februar.
  • Nordiska samarbetsnämnden för humanistisk och samhällsvetenskaplig forskning ( NOS-HS) er eit samarbeidsorgan mellom dei nasjonale forskingsråda i Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige innafor humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking. NOS-HS har mellom anna som mål å fremje samarbeid mellom nordiske forskarar gjennom å tildele midlar til forsking og anna verksemd. Dei gir òg støtte til publisering og vitskapleg sluttrapportering. Støtte kan søkjast fortløpande.

Anna

 

 


Redaktør: Leder for enheten: Ivar Østerlie. Kontaktperson:webmaster Siden sist oppdatert: 31/10/2005, 10:50