|
Forskingsmidlar
På denne sida finn du informasjon om utlysingar av forskingsmidlar frå lokale, nasjonale og internasjonale kjelder som kan vere relevante for forskinga ved Det historisk-filosofiske fakultetet.
Det historisk-filosofiske fakultetet
- Frikjøp av doktorgradskandidatar i samband med disputas
NTNU
Noregs forskingsråd
Viss du skal søkje forskingsmidlar frå Noregs forskingsråd, må du gjere det frå eit program/aktivitet som lyser ut midlar. Hovudsøknadsfristen er 15. juni kvart år. I tillegg blir det lagt ut utlysingar som du kan finne her.
Alle søknader til Noregs forskingsråd skal gå om fakultetet for å bli signerte av fakultetsdirektøren.
EU
Nordiske midlar
- Nordisk Forskerutdanningsakademi (NorFa) deler kvart år ut omkring 40 millionar NOK til nordisk samarbeid innafor forsking og forskarutdanning. NorFa har desse støtteformene:
- Forskerutdanningskurs, søknadsfrist 2. mai
- Nettverks med, søknadsfrist 2. mai
- Planleggingsmøter, søknadsfrist 1. februar, 1. juni og 1. oktober
- Mobilitets- og kursstipend, søknadsfrist 1. februar, 1. juni og 1. oktober
- Utenriksdepartementet - Forsker- og studentkanalen
- Nordplus Nabo er eitt av Nordisk ministerråd sine fem mobilitets- og nettverksprogram. Målsettinga er å utvikle nettverkssamarbeid mellom utdanningsinstitusjonar, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar. Nordplus Nabo omfattar Danmark, Finland, Island, Noreg, Sverige, Estland, Latvia, Litauen og Nordvest-Russland. Nordpluss Nabo lyser ut midlar med søknadsfrist 1. februar.
- Nordiska samarbetsnämnden för humanistisk och samhällsvetenskaplig forskning ( NOS-HS) er eit samarbeidsorgan mellom dei nasjonale forskingsråda i Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige innafor humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking. NOS-HS har mellom anna som mål å fremje samarbeid mellom nordiske forskarar gjennom å tildele midlar til forsking og anna verksemd.
Dei gir òg støtte til publisering og vitskapleg sluttrapportering. Støtte kan søkjast fortløpande.
Anna
|