Høgskolen i Ålesund
Høgskolen i Ålesund, N-6025 Ålesund – Tlf. +47 70 16 12 00 – Fax. +47 70 16 13 00

IT reglement

Gyldigheit/endringar

Desse retningslinjene gjeld for alle studentar. Retningslinjene gjeld også for alle som er tilknyta nettverket på Studentblokka.

Målsetjing

Skolen tilbyr studentane dataressursar for at dei skal kunne gjennomføre studia. Alle studentane ved skolen har rette til ein brukarkonto som gir tilgang til nødvendige ressursar.
Nettverket skal ikke nyttas til ikkjefaglege aktivitetar.

Brukarkonto

Ein brukarkonto er personlege og må derfor ikkje delast av fleire eller overdragast til andre.
Ein brukarkonto kan sperrast av IT-tenesta utan varsel dersom den finn det nødvendig.

Andre brukarar

Data som tilhører andre brukarar skal oppfattast som den private eigedommen deira. Tilgang skal derfor berre skje dersom det er avtalt med eigaren, eller det på annan måte er klart at data er gjorde tilgjengeleg for alle.

PC-romma

PC-romma (og andre EDB-rom) er arbeidsrom der det skal vere mogeleg å konsentrere seg om faglege aktivitetar. På romma er det derfor ikkje tillate å:

  • Ete eller drikke
  • Gjere endringar i menyar og Windows oppsett på PCane
  • Installere programvare på maskinar utan å ha godkjenning frå IT-tenesta.

Ver oppmerksam på at dei største PC-romma og lokala er overvakte med video.

PC-romma kan nyttast av skolen sine studentar i opningstida til skolen når dei ikkje blir nytta til undervisning eller er reserverte til andre formål.

Ressursbruk

Maskin-, lagrings-, og nettverks-kapasiteten til skolen er avgrensa, og den skal fordelast best mogeleg på alle brukarane. Ved overforbruk kan IT-tenesta av driftsomsyn slette data eller stoppe tilgang utan å forspørje den enkelte. Dataressursane skal nyttast til fagleg utvikling, og andre aktivitetar må ikkje stå i vegen for dette. Bruk av utstyr og nettverk til kommersielle formål er ikkje tillate.

Servere

Det er ikkje tillate å setje opp servere på nettverket til skolen utan godkjenning frå IT-leder.

Elektronisk post

Alle studentar ved skolen har tilgang til eigen elektronisk postkasse. Elektronisk post må ikkje sendast til tilfeldige mottakarar eller til adresselister ein ikkje er autorisert til å bruke.

Opphavsrett til film, musikk og liknande

Alle pliktar å undersøkje om det han/ho gjer tilgjengeleg på nettet er verna verk. Dersom ein finn at verket er verna, pliktar ein å innhente dei nødvendige løyva. Ein er personleg ansvarleg for dei krava av rettsleg og økonomisk art som rettshavarar måtte fremje ved bruk utan løyve.

Kommersiell programvare

Det er ikkje tillate å laste ned eller nytte kommersiell programvare utan løyve frå leverandøren.

Privat PC - antivirus og oppdatering

Dersom ein privat PC blir tilkopla nettverket, skal den ha programvare mot virus. Signaturfilene skal til ei kvar tid ikkje vere eldre enn 10 dagar. Vider skal programvaren (eks. Windows eller Linux) til ei kvar tid være oppdatert med dei siste sikkerheitsoppdateringane.

Portscanning og liknande

Portscanning er ikkje tillate. Forsøk på å ’bryte seg inn’ på ein datamaskin der du ikkje er gitt rettigheitar vil medføre sanksjoner.

Nettverk mot verda utanfor

Bruk nettet med varsemd. Sørg for at nettet ikkje blir brukt på ein slik måte at det slår tilbake på deg eller skolen. Uvettig bruk kan medføre at tenester o.l. mot nettet blir avstengt.

Brott på retningslinjene

Brott på desse retningslinjene kan medføre at studentar blir utestengde frå dataanlegget til skolen. Skolen reserverer seg retten til å kontrollere, inspisere, endre eller fjerne datafiler eller systemressursar som undergrev autorisert bruk av datautstyret. Forsøk på å hindre systemansvarleg sin tilgang til systemressursar er det same som uautorisert bruk. Skolen fråskriv seg ansvar for alle tap som oppstår som et resultat av arbeidet med å bevare systemintegriteten. Alvorlege brott og misbruk vert melde til politiet. Dette gjelda også brott som påfører skolen økonomiske tap eller ansvar.

Andre gjeldande retningslinjer

Konklusjon

Bruk fornuft. Ein god regel er at ikkje alt som er mogeleg er lov. Dersom du er i tvil om bruken din er i samsvar med reglane og med god skikk og bruk, bør du kontakte IT-tenesta.

Høgskolen i Ålesund 10.07.2007

 

 

Skriv ut  Skriv ut
Sideoversikt  Sideoversikt

Søk
Utvidet søk
Søk etter ansatte
Meny
Oppdatert av Geir Halsvik 10.07.2007