Høgskolen i Oslo
Høgskolen i Oslo
Fronter Les e-post med Webmail Læringssenteret Personer HiO-veven

Helse

Studietilbud Enheter Kontakt English Utskrift

Velkommen til HiO / Enheter / Avdeling for helsefag (HF) / For tilsatte / Nytt og nyttig / Nytt og nyttig arkiv 2003 / HEKSa har landa- EKWEB er på nett!

HEKSa har landa- EKWEB er på nett!

3. september blei EKWEB lansert ved avdelinga med om ikkje akkurat pomp og prakt så i alle fall frukt og musikk - næring både for kropp og sjel i god helsefagleg ånd.

Siri Lohne har vore prosjektleiar for dette som starta hausten 2001 som eit ønske frå leiinga om betre kontroll med og kvalitetssikring av rutinar og prosedyrar for saksbehandling. Prosjektet fekk namnet HEKS - ei forkorting for HElhetlig

Linda Pettersen

Linda Pettersen med frukt

KvalitetSsikring.

Namnet sa lite om arbeidet som følgde, det var ikkje gjort med eit trylleslag å setja opp rutinar og prosedyrar for oss alle. Åtte utdanningar tilbyr vi ved avdelinga, ti tidligare profesjonshøgskolar gjekk i si tid inn i Avdeling for helsefag. Det skal mykje bevisstgjering og hardt arbeid til for å samordna alle rutinar og prosedyrar i eit slikt mangfald:

Siri Lohne og Aslaug Hafskjold

Siri Lohne og Aslaug Hafskjold

Kva er formålet med det vi gjer?
Kven har ansvaret?
Korleis gjer vi det?

Ein database er best eigna til å ivareta behovet for vedlikehald og oppdatering av prosedyrar og rutinar, så EKWEB vart vald. Førebels er ikkje alle prosedyrane på plass, men dei kjem etterkvart som dei vert godkjende.

EKWEB er plassert under "For tilsatte" her på heimesidene ved avdelinga. Mange vert berørte av desse prosedyrane, så det er fint om de gjer dykk kjende med dei.
Siri Lohne arbeider framleis hardt med EKWEB, men ho er også travelt oppteken med å fortelja og skapa blest om prosjektet på andre avdelingar her på HiO.

Vi var først ute denne gongen, og vi lurer fælt på kva for ei avdeling som

følgjer etter oss? Kven blir nestemann?

Folk

Utsnitt av forsamlinga. I staden for fjør i hatten fekk vi kledelege HiO-caps