Høgskolen i Oslo
Høgskolen i Oslo
Fronter Les e-post med Webmail Læringssenteret Personer HiO-veven

Helse

Studietilbud Enheter Kontakt English Utskrift

Velkommen til HiO / Enheter / Avdeling for helsefag (HF) / For tilsatte / Nytt og nyttig / Nytt og nyttig arkiv 2003 / Internasjonalt kurs om helsestell

Internasjonalt kurs om helsestell

Første modul i International Course On Health Care Issues blei arrangert ved HiO 1.-9. september. Her deltok 26 studentar frå Belgia, England, Nederland, Danmark og Noreg.

ICHCI kurset som er eit COHEHRE-kurs, er eit internasjonalt studentfokusert kurs. Det er også tverrfagleg, på første modul i Oslo deltok både ergoterapeutar, fysioterapeutar og sjukepleiarar. Utvikling og praksis i helsestellet i dei ulike landa er tema, og ei pasientsentrert tilnærming vert vektlagt. Alt går føre seg på engelsk, og studentane er sterkt medverkande på si eiga læring: dei driv med gruppearbeid, legg fram stoff for kvarandre og i plenum, og reflekterer over sin eigen læringsprosess.

Ingrid og anke

Ingrid van den Tiller og Anke Valkenburg frå Nederland legg ut om nederlandsk helsestell

John Mieke og Lien

John Branson jordmorstudent frå England i samtale med Mieke Stassen og Lien Callens frå Belgia

Modul 1 er ein generell introduksjon til helsestellet i dei ulike landa. Denne sesjonen foregår parallelt i Oslo, Nijmegen i Nederland og Gent i Belgia.

Nå er alle reist til Gent i Belgia der studentgruppa tel 70 studentar. Rettleiarar frå Oslo er med studentane. Der skal dei vera 10.-14.september for modul 2 av kurset. Modul 3 av kurset er i Brugge fra 14.-19. september

Her i Oslo er det Avdeling HF og Avdeling SU som saman er ansvarlege for kurset.

Studentane:

" Flott å kunna jobba saman i eit tverrfagleg og internasjonalt perspektiv. Vi har lært mykje om kvarandre som yrkesgrupper, og korleis dei ulike landa byggjer opp sine helsetenester."

"Fokus har vore retta mot helsefremjande og førebyggjande arbeid blant barn og unge. Kjempespennande - vi har lært masse innan dette feltet."

Koordinatorar og rettleiarar:

"Ei stor og spennande oppleving som krev maksimal innsats, og som gir vidsyn"

"Vi lærer mykje ved å delta og får internasjonale kontaktar som vi bruker vidare".

www.cohehre.org

studenter og lærere

Studentar og lærarar