|
Helsefag slår til igjen! RETTA VERSJON
I går var det quiz (spørjekonkurranse) arrangert av avdeling JBI. Fire lag stilte frå HF. Og vi vann nesten...
Laga var: Catcher in the Ray (vidareutdanning i stråleterapi), De sjenerte (ergoterapeututdanninga), Team Bio/Antonsen (bioingeniørutdanninga) og Helse Angels frå administrasjonen.
Spørjekonkurransen blei gjennomført i god stil. Arrangørane gjekk i vatnet med eit spørsmål om HiOs tre nye forskingsområde, der blei dei imøtegått av vektige argument frå tunge aktørar i sentraladministrasjonen, og spørmålet måtte strykast. Elles var det greie, allmenne spørsmål og nokre luringar inn i mellom. F.eks kor mange kommunar i Noreg er det som deler namn? (Nei, ikkje vi heller - seks trur eg.)
Det var delt førsteplass mellom laga Kari Bremnes og Pikene bak slottet, dei fekk båe 28 poeng, men deretter folkens - hald dykk fast - kom laget Helse Angels med 26 1/2 poeng! Dei andre laga frå HF gjorde også ein svært heiderleg innsats, team BIO/Antonsen kom på femte plass.
Vi er så stolte!
|