Høgskolen i Oslo
Høgskolen i Oslo
Fronter Les e-post med Webmail Læringssenteret Personer HiO-veven

Helse

Studietilbud Enheter Kontakt English Utskrift

Velkommen til HiO / Enheter / Avdeling for helsefag (HF) / For tilsatte / Nytt og nyttig / Nytt og nyttig arkiv 2004 / Nye helsefagstudentar 17.august!

Nye helsefagstudentar 17.august!

Med Jo Nesbøs oppmoding om å tenkja sjølv nynnande ein stad i bakhovudet følgde vi dei nye studentane ned til Storsalen i Filadelfia, slik at dei kunne få fleire godord med på vegen, og dessutan bli innskrivne i manntalet.

Det var mange studentar. Men ikkje mange nok i Filadelfia, totalt skal dei vera omlag 450 stk, men det var såpass mange tomme sete at det var tydeleg at mange ikkje hadde kome.

Vi blei møtt av heftige trommer frå Kossa Diomande og  Raymond Sereba frå Elfenbeinskysten. Dekan Trine Grønn heldt talen for dagen og introduserte dei andre aktørane slik at dei fekk fortelja om sine arbeidsområde. Studentpresten Valborg Stene var der, Pia Wirum frå studentparlamentet og John Hvidsten frå OAS.  "Engasjer dykk", sa dei og la vekt på kor viktig det er å vera aktiv og sosial. 

Salen i Filadelfia

  Direktør og studieleiarar blei deretter presenterte saman med kontorsjefar og Veks koordinator. Trine Grønn avslutta med eit fint dikt av Jan Erik Vold. (Ta vare på vennligheten). Og så var det registrering til sju utdanningar, (tannteknikk tek ikkje opp nye studentar i år). Lange køar med spente studentar bortetter veggane og nedetter trappene. 

Det var ein fin velkomstseremoni, innslag frå Diomande og Sereba løyste opp stemninga og skapte rytme og varme  i forsamlinga. Dei som gav informasjon gjorde det kortfatta og greit. 

Vi ønskjer studentane alt godt i tre år framover, og håper dei lærer å tenkja sjølv, dersom dei ikkje alt kan det då?