|
Jarle Aga er historisk!
Han er den aller første ortopediingeniør med hovudfag i helsefag i Noreg. Som aldeles nybakt cand san var han onsdag ansvarleg for FOUforum ved avdeling HF.
|
|
Tittel var: Utfordringer med å presentere resultater knyttet til et single subject i forskningdesign i et hovedfagsarbeid.
Hovudfaget hans er ein studie av korleis små variasjonar i lengde på ein leggprotese kan påverka gangen til protesebrukaren. Han har studert fem forskjellige protesebrukarar som alle har hatt leggproteser i meir enn to år. I arbeidet har han brukt bevegelseslaboratoriet for å registrera tid og distanse, leddvinklar og rørsle i noko som skal vera mest mogleg naturleg gange. Han har eksperimentert med å auka og å korta inn lengda på protesen med ein cm.
|

Jarle Aga viser fram ei leggprotese
|
Single subject studie inneber at ein samanliknar individet med seg sjølv, og ikkje med ei gruppe. Det kan vera problematisk å få fram signifikante endringar med så små justeringar, og det synte seg at protesebrukarar nok er svært tilpasningsdyktige, vane som dei er med å kompensera for handikappet sitt.
Jarle Aga fekk mykje ros og i tillegg tursekk og fleire single subjekter til å ha oppi den av dekan Trine Grønn.
Litt sladder heilt til slutt, han er'kje noko singelt subjekt lenger sjølv, han er både nybakt cand san og blenkjande nygift, vi gratulerer!
|