Høgskolen i Oslo
Høgskolen i Oslo
Fronter Les e-post med Webmail Læringssenteret Personer HiO-veven

Helse

Studietilbud Enheter Kontakt English Utskrift

Velkommen til HiO / Enheter / Avdeling for helsefag (HF) / For tilsatte / Nytt og nyttig / Nytt og nyttig arkiv 2004 / Bioingeniørane frå Rikshospitalet fyller femti år

Bioingeniørane frå Rikshospitalet fyller femti år

og dei tappar framleis blod! Elles har mangt endra seg i løpet av desse femti åra, mykje nytt og spennande hadde dei å fortelja på jubileumseminaret onsdag 13. Heldigvis blei det ikkje så blodig.

 

Cressey og Hafskjold

Lill Irene Cressey og Aslaug Hafskjold

Etter at studieleiar Lill Irene Cressey hadde ønskt oss velkommen gratulerte dekan Trine Grønn og avdelingsdirektør Aslaug Hafskjold frå Avdelinga.Hafskjold er utdanna ved laboratorieteknikarutdanninga ved Rikshospitalet som er forløparen for vår bioingeniørutdanning. Tidlegare rektor ved bioingeniørhøgskolen Hans Børresen heldt så ei innleiing. Han presenterte også talarane  og fortalte oss litt om kvar og ein av dei.

norum

Kaare Norum

 Kaare Norum frå UiO overtok med eit foredrag om klinisk kjemi, ernæring og verdas helse. At det er fleire overvektige enn for magre personar i verda totalt, visste vi kanskje ikkje alle? Sjølv om det ser ut slik ut på våre kantar. Dessutan er det livsstilssjukdommane som tek flest liv i størstedelen av verda i dag. Norum konkluderte med at det var for mange fancy kokkar og for lite Ingrid Espelid på Tv i dag. Kosthaldsvanane endrar seg, og vi må jobba for ein berekraftig ernæringsituasjon globalt.

Sissel Rogne frå Biotekniologinemnda overtok

Rogne

Sissel Rogne og Hans Børresen

bokstaveleg talt med eit kjempesmell! Atombomba  i 1945 var hennar utgangspunkt for foredraget som eksempel på satsingsområda til menn med makt i USA.Nå har  kartlegginga av det menneskelege arvemateriale  stått i fokus - kanskje nyttigare? Og her har det verkeleg skjedd mykje. I Noreg tok genteknologiforskinga av fra ca 1980. DNA-spor er nå uvurderlege innanfor rettsmedisin, og kloning er slett ikkje bare science fiction lenger. Spørsmålet som fascinerer er alltid det same: Kva er liv? Rogne peikte elles på kor viktig det er med lover og avtaleverk innanfor dette feltet.

Vi var over i smulare farvatn då Ingebjørg Seljeflot, seniorforskar ved Ullevål

Seljeflot

Ingebjørg Seljeflot

universitetssykehus, snakka om glade laksar, Omega-3 fettsyrer og deira innverknad  på årene våre.  Seljeflot viste til forsøk med foring av oppdrettslaks for å finna den laksen som er sunnaste middagsmaten for oss. Laks som har fått ekstra fiskeolje i foret er aller best for oss. Sild og makrell er nok også sunt, men dei sym sine eigne vegar så det er'kje lett å få full oversikt over kva  dei et.

Søren Christian Sommerfelt fortalte om laboratorieteknikk før i tida,  og skapte hyggeleg mimrestemning i auditoriet.

Det var eit spennande og lærerikt seminar, morosamt var det også!. Det blei delt ut velfortente gåver og blomster til jubilantar og aktørar, og gratulasjonane sat laust.