Høgskolen i Oslo
Høgskolen i Oslo
Fronter Les e-post med Webmail Læringssenteret Personer HiO-veven

Helse

Studietilbud Enheter Kontakt English Utskrift

Velkommen til HiO / Enheter / Avdeling for helsefag (HF) / For tilsatte / Nytt og nyttig / Nytt og nyttig arkiv 2004 / Hip Hopp personalseminar er topp!

Hip Hopp personalseminar er topp!

Vi lot oss bevega på fleire måtar vi som deltok på personalsemnaret 19-20. oktober på Kongsberg.

Tema første dagen var arbeidsmiljøet. Den siste

Hafskjold og Hetle

Aslaug Hafskjold og Aslaug Hetle

undersøkinga syner at  kollegene våre  har følt seg både oversett og trakassert på jobben. Tala frå avdeling for Helsefag syner at vi er  blant dei verste på HiO. Hetle frå Arbeidsforskingsinstituttet,  prøvde å få oss til å definera standardar for kva som er ein god kollega og for kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø. Gruppene var så tverrfaglege som det var mogleg, og vi presenterte resultata for kvarandre.

Neslein

Inger-Lise Neslein med standarden til gruppe 6

Det er vanskeleg å laga ein standard for noko så diffust som vanleg folkeskikk, men det var eit  gjennomgåande moment at folk kunne greia å helsa på kvarandre kvar dag. Respekt for kvarandre sin kompetanse var også eit moment.

hip Hop

Framføring av rap'en Hip Hopp

Festkomiteen var aktiv gjennom heile seminaret, og

"Mellomrapen" blei ganske populær.
Dag to var emnet korleis ein kunne bruka strategiplanen som ein reidskap til å skaffa oss meir handlingsrom. Når over 90% av budsjettet er bunde  opp av lønnskostnader seier det seg sjølv at ein må vera kreativ for å utnytta resten av midlene. Det var Hallgjerd Osnes som leidde oss gjennom denne dagen.

pressekonferanse

Gruppe 12 held pressekonferanse

Pressekonferanse gruppe 6

Gruppe 6 held pressekonferanse

Då gruppene hadde laga sine forslag hadde dei pressekonferanse for kvarandre. Her gjaldt det om å marknadsføra sine idear om innsparingstiltak, effektivisering og kvalitetssikring for andre grupper. Det var mange gode idear som kom fram, men folk sakna  talunderlag, eventuelt utdrag av rekneskapen,  for å ha noko konkret å halda seg til.
Arbeidet  vi gjorde desse dagane vil bli vidareført på avdelinga.

Fleire bilete finn du under Nytt om personal.