|
Kongevegen til kronikkplass eller beinleia ned frå elfenbeinstårnet?
Kan all forsking populariserast?
Finst det kjørereglar/ greie tips for korleis dette kan gjerast?
Kva er rette måten å koma seg ut og fram i media?
Korleis vert forskaren oppfatta av andre i det vitskaplege miljøet etter å ha hatt artiklar i dagspressa?
Når vert det vitskaplege populært, og når vert det for enkelt/banalt?
Anne Langaas og Astrid Bergland har begge to hatt kronikkar i Aftenposten nå i haust, Anne 19. oktober og Astrid 1. oktober. Astrid Bergland seier at erfaringane hennar er eintydig positive. I tillegg til å skapa blest om fagfelt, og å nå lekfolk, har dei også fått positive tilbakemeldingar frå forskarmiljøet. Ho har fått mange telefonar og brev frå fagfolk og privatpersonar.
Anne Langaas har også utelukkande fått positiv respons. Som resultat av kronikken blei ho invitert til å

Astrid Bergland og Anne Langaas
vera med på direktesend debatt i radio, noko som var ei nyttig medieerfaring. Ho er oppteken av at vi bør læra oss kva som skil dei forskjellige genrene: Kronikkforma er romsleg og solid - 7500 ord i Aftenposten, men vert du intervjua til ein avisartikkel vil stoffet bli mykje meir forenkla. Du bør sjølvsagt be om å få teksten lesen opp for å få retta eventuelle feil, men du må tora å gje slepp på nokre nyansar. Det skal vera enkelt, men ikkje misvisande.
Dei har begge to vore med på eit kurs om korleis ein skriv artiklar arrangert av HiO/JBI med Magne Lindholm som leiar, og dette kurset anbefaler dei begge.
Det vi håper, seier dei, er at det oppstår ringverknader av avisartiklar og andre medieframstøt. At fagfelt, utdanningar og avdeling kan verka tiltrekkjande og spennande. Det er fint å vise omverda at det skjer mykje på Avdeling for helsefag. Då vert kanskje avdelinga og utdanningane attraktive for nye studentar og HiO held seg som ein populær studiestad og arbeidsplass. "Forskningstorget" er eit arrangement avdelinga bør satsa mykje på å vera med på. Forsking er populært dersom vi greier å formidla det vi vil ha fram på rett måte.
Tekst: Hugs at stoffet skal presenterast på ein annan måte her enn i ein vitskapleg artikkel. Teksten må være lettlest utan å ha for mange billige poeng. Vert teksten for lett kan ein mista lesaren sin tillit. Stoffet skal vera enkelt utan å vera direkte misvisande, men du må gje slepp på ein del nyansar. Unngå alt for sære framandord. Studer strukturen i kronikkar i avisene. Strukturen skal vera ikkje-akademisk, dette er ikkje staden for å diskutera metode. Det viktigaste skal koma først, så kjem detaljane lenger ned i teksten. Gjer teksten salgbar! Les og lær av artiklane på http://www.forskning.no/
Tid: Tidspunktet for publisering kan knyttes til emne som er oppe i tida og aktuelle merkedager. "Helse er hot" seier mediafolket.
Visste de at 1. desember er FNs internasjonale AIDS-dag, 3. desember er internasjonal dag for funksjonshemmede og 11. desember er den internasjonale fjelldagen? (Kva med historisk medisinsk bruk av fjellplanter?) 17. januar er den femte nasjonale lungerehabiliteringskonferansen.
Heile 2005 er i tillegg til mykje anna, FNs internasjonale år for sport og fysisk aktivitet, så her burde det også liggja mykje stoff for HF-folk. Link til FN-kalenderen følgjer nedanfor.
Dei forskjellige foreningane har eigne heimesider der det går an å finna informasjon om merkedagar og liknande.
Nettverk: Er det mogleg å knytta nettverk til journalistar som jobbar med helsestoff?
Er journalistane interesserte i det?
Burde vi læra oss å skriva pressemeldingar? Og å senda ut pressemeldingar kvar gong vi har noko nytt å fortelja om forskingsområde?
Linkar: Nokre aktuelle linker knyttet til popularisering og forskningsformidling:
http://www.forskning.no/Artikler/2002/juli/1026728516.55 http://www.forskning.no/Artikler/2003/februar/1045833082.23 http://forskningsradet.ravn.no/bibliotek/forskning/199402/1994021601.html http://www.admin.uio.no/ia/uniforum/2000/uniforum01-00/15.html http://www.cfje.dk/cfje/VidBase.nsf/0/0566fd0b5940f5f8c1256dd300468997?OpenDocument http://www.abo.fi/meddelanden/studier_o_undervisning/2001_13_skrivande.sht http://www.abo.fi/meddelanden/artiklar/1999_07_sibelius.sht?1999_07_fof.sht http://www.vtu.dk/fsk/div/forstaelseforf/forskogfortael/html/chapter11.htm
FN-.sambandet sin kalender
http://www.fn.no/fakta_om_fn/fn_kalender
Forskjellige interesseforeningar har også heimesider det kan vera greit å sjekka: http://www.lhl.no
http://www.mentalhelse.no/
|