Høgskolen i Oslo
Høgskolen i Oslo
Fronter Les e-post med Webmail Læringssenteret Personer HiO-veven

Profesjon

Studietilbud Enheter Kontakt English Utskrift

Velkommen til HiO / Enheter / Senter for profesjonsstudier (SPS) / Om SPS - Senter for profesjonsstudier / Strategiplan 2001 - 2005 / Aktivitetar og tiltak / Kompetanseheving

Kompetanseheving

Profesjonsseminaret. For å skape eit fagleg og sosialt stimulerande miljø ved SPS er det viktig å utvikle ein felles fagleg møteplass. Profesjonsseminaret skal vere ein møteplass for fagleg debatt som er ope for alle. Seminaret skal arrangerast med jamne mellomrom. Det skal vere eit forum for debatt, der tilsette ved SPS, høgskolen og inviterte gjester legg fram forskingsstoff til debatt. Vidare skal det vere ein fagleg møtestad for tilsette ved SPS.

Senter for profesjonsstudier vil i perioden 2001-2005:

  • arrangere minst 5 profesjonsseminar per semester, der programmet for seminarrekka vert presentert i starten av kvart semester.

Forskeropplæring. Som eit ledd i kompetansebygginga ved HiO vil senteret årleg tilby forskarkurs. Dette skal vere kurs på 2-4 dagar med førelesarar på høgt internasjonalt nivå. Gjennom dette skal SPS knyte kontaktar til folk i forskingsfronten.

Kursa skal både vere eit fagleg tilbod til interesserte og eit ledd i kompetanseoppbygginga ved SPS. Tematisk vil kursa difor vere forankra i forskingsaktiviteten ved senteret. Med dette skal SPS årleg samle folk rundt sentrale faglege spørsmål ved senteret.

Det er eit mål å få desse kursa inn som ein del av den organiserte forskaropplæringa i Noreg. SPS vil vidare utgreie om det er ønskeleg og mogleg å setje desse kursa saman til eit eige dr.gradsprogram, i samarbeid med Universitetet i Oslo.

Senter for profesjonsstudier vil i perioden 2001-2005:

  • arrangere eitt forskarkurs per år.
  • utgreie om SPS kan utvikle dr.gradsprogram i samarbeid med Universitetet i Oslo.

Stipendprogram. Profesjonsstudier er eit satsingsområde ved Høgskolen i Oslo. For å medverke til systematisk kompetanseheving vil SPS ta initiativet til å utvikle eit stipendprogram på dette området. Dette arbeidet skal skje i nært samarbeid med FOU-leiarar/koordinatorar ved avdelingane.

Senter for profesjonsstudier vil for perioden 2001-2005 :

  • arbeide for å få etablert hovedfagsstipend, vikarstipend og dr.gradsstipend i profesjonsstudier.

 

Strategiplan

Aktiviteter og tiltak

Bakgrunn

Mål

Profesjonsstudier

Forsking

Forholdet til andre senter ved HiO