|
”Meet and greet”
I august og september kjem det om lag 100 nye internasjonale/utvekslings studentar til HiO.
Fadderordninga Meet and Greet haustar mange lovord frå studentane og til neste semester skal vi gjere det heile endå litt betre. For å bli betre treng vi fleire norske studentar som ønskjer å vere fadder for internasjonale studentar.
|
Korleis kan ein fadder hjelpe? - send e-post til anine.midnes@hio.no
|
|
Det heile er gjort på ein-to-tre!
- Fadderen møter studenten på Holbergs plass, Oslo S eller bussterminalen når dei kjem til landet. Alt dette er koordinert av internasjonalt kontor.
- Fadderen ønskjer studenten velkommen til Oslo, og følgjer han/ho til bustaden. (70 rosent av studentane bur i ein OAS bustad).
- Fadderen viser studenten rundt på HiO og i Oslo og er med på studiestartsaktivitetar ved HiO.
|
|
|
På denne måten får våre nye studentar ein flygande start på semesteret, og fadderen får nye kontaktar ute i den store verda.
Studentane kjem i all hovudsak frå europa, men også andre delar av verda. Dei fyrste studentane kjem tidelig i august og dei fleste er på plass rundt studiestart (midten av august). Men, det kjem også fleire studentar utover hausten.
|
|
De som måtte være interesserte eller har spørsmål, kan sende en e-post til anine.midnes@hio.no eller ringe 22 45 27 07.
|