|
Orientering om uke 41 og 42
INNHALD
Kurset går over to veker og konsentrerer seg om etiske spørsmål. Vi drøftar forholdet mellom etikk, jus og vanleg folkeskikk, og går nøye gjennom Ver Varsam-plakaten.
Ver Varsam-plakaten er etiske normer for pressa. Alt journalistisk arbeid skal utførast i tråd med Ver Varsam-plakaten. Den som arbeider i pressa har sjølv ansvar for å kjenne dei etiske normene til pressa, og pliktar å leggje desse til grunn for verksemda si.
Men presseetikk blir ikkje til i eit vakum. Journalisten arbeider alltid i kryssande press frå sterke krefter, både innanfor og utanfor pressa. I kurset vil vi drøfte presseetikken og setje den inn i ein større samanheng.
I veke 41 er torsdag 13.10 og fredag 14.10 lesedagar.
FORELESARAR
Sigurd Allern er professor i mediekunnskap og journalistikk ved Institutt for medier og kommunikasjon, Universitetet i Oslo.
Yngve Benestad Hågvar er høgskolelektor ved Journalistutdanninga.
Odd Raaum er pensjonert førsteamanuensis ved Journalistutdanninga, og ein pioner i norsk presseforsking.
Henrik Syse er dr. art. og forskar ved Institutt for fredsforsking & Etikkprogrammet ved Universitetet i Oslo. Medlem av PFU.
Ole E. Tokvam er advokat i firmaet Hodneland & Co.
Nils E. Øy er generalsekretær i Norsk Redaktørforening.
OBLIGATORISKE OPPGÅVER
Oppgåve 11 handlar om presseetikk og personvern. De får oppgåva måndag 10.oktober i veke 41. Dette er ei individuell oppgåve. Innleveringsfrist er måndag 17.oktober kl.15:00. Gjennomgang av oppgåvene i grupper fredag 21.oktober.
PENSUM OG LESERÅD
Les Ver Varsam-plakaten. Les ferdig alle pensumkapitla i Svein Brurås si bok Etikk for journalister. Les og Odd Raaum si bok Dressur i pressen.
Vi tilrår og å lese rapporten ”3 uker i desember. En kritisk gjennomgang av medienes rolle i den såkalte Tønne-saken” av Guri Hjeltnes, Svein Brurås og Henrik Syse.
KURSANSVARLEG
Audgunn Oltedal
|
Språk på torsdag
Vanskelige ordpar: og/å, ennå/enda, lenger/lengre, da/når med mer.
Pensum og leseråd:
¤ Egil Børre Johnsen (red.):Vårt eget språk, særlig Vinjes artikkel ”Å forbedre sine språkvaner”.
¤ Lars Aarønæs: Pressespråket, særlig kapittelet ”Språktips”.
Kursansvarlig: Yngve Benestad Hågvar
|
Oppdatert: 15. august 2005
|