Høgskolen i Oslo
Høgskolen i Oslo
Fronter Les e-post med Webmail Læringssenteret Personer HiO-veven

Helse

Studietilbud Enheter Kontakt English Utskrift

Velkommen til HiO / Enheter / Avdeling for helsefag (HF) / For tilsatte / Nytt og nyttig / Nytt og nyttig arkiv 2004 / Quiz quizzare quizzast?

Quiz quizzare quizzast?

Eller rett og slett spørjekonkurranse, det var det det heitte i gamle dagar då vi ikkje snakka så utanlandsk. Niande november gjekk årets siste konkurranse av stabelen i verdige former som alltid i kantina i Falbesgt. 5.

Alle var sjølvsagt med for å delta, ingen skulle vinna. Men mon ikkje nokre små konkurransedyr stakk  fram  både horn og hov då vi sat klar med blyantane våre? Det heile blei sobert og pent gjennomført av dei som vann sist gong - nemleg Helse Angels frå administrasjonen i Avdeling for Helsefag.  Den einaste kritikken vi har mot Helse Angels må vera at dei ikkje kjenner gatenamna rundt Bislet stadion, og det er vel noko vi kan leva med. Pizzaen var god nok den.

Tolv lag var vi, og fem av dei frå helsefag. Laga som var med frå helsefag var: Bioresept (bio og reseptar), De sjenerte (frå ergo), De genmanipulerte (bio + Lasse), Rays are us (stråleterapi) og Helsetrøyene (frå adm). Elles hadde vi Kari Bremnes frå EST,  Ridderne av Fort Falbe og Nurse Diesel frå SU,  Lu-ringen frå LU,  Mensa Light frå administrasjonen, Conquistadorene frå??? og Heliumsgjengen frå Økonomiseksjonen i Wergelandsvegen. Og dei vann og skal arrangera neste gong.  Her var Torill Erikson, Berit Mathisen, Jon Ørstavik og Bjørn Syvertsen med - hurra!

Ein god nr to blei laget Helsetrøyene frå administrasjonen ved avd HF. Her var Aslaug Hafskjold, Fredrik Røren, Myriam Massaoud og Idun Stokka med. De kan gjerne ta eit lite sølvhurra for oss også. Nå veit vi forresten kva ein Miyaka miyaka er  og det har vi sjølvsagt stor glede av!