Profesjonsetikken sitt grunnlag - av Randi Kroken
Politikk mellom makt og allmennmoral
Grimen vektlegg at det først og fremst er det politisk grunngjevne samfunnsoppdraget som definerer profesjonsetiske normer og verdiar. Han seier: "slike etiske kodeksar ville ikkje ha eksistert, dersom ikkje samfunnoppdraget hadde eksistert og legitimert verksemda". Kva siktar Grimen til her? Sidan han ikkje utdjupar kva han legg i tydinga av "det politiske", er det vanskeleg å vita om han siktar til "politikk" som formelt- og territorialt avgrensa, eller om Grimen siktar til ei meir utvida tyding? Eg vil stille spørsmål om kva Grimen legg i uttrykket "politisk legitimitet", noko han ikkje problematiserer i sitt debattinnlegg.
Makt- og demokratiutgreiinga konkluderte i sin sluttrapport (NOU:2003: 19, s.13-14) at politisk deltaking, ikkje berre er knytt til formelle beslutningsorgan, men er i aukande grad knytt til det som kallas for tilleggsdemokrati, som eit supplement til folkestyret, og ikkje som ein erstatting av det. Demokrati forstås som deltaking utover reint formelle kanalar som har fått auka tyding, m.a. gjennom aksjonar, kommunikasjon og lobbyverksemd.
Grimen (ibid s. 2) slår fast at "Det er oppdragsgjevaren sitt perspektiv på profesjonsetikken som er det grunnleggande (...)". Som oppdragsgjevar viser han både til "det politisk grunngjevne samfunnsoppdraget, samstundes som han viser til at (...) "eg - er saman med dei andre samfunnsborgarane - profesjonane sin oppdragsgjevar" (ibid s. 4). Det kan virke som Grimen her tar for gitt at det er eit representativt forhold mellom "eg som samfunnsborgar" og "det politisk grunngjevne samfunnsoppdraget". Med bakgrunn i ein empirisk røyndom er dette problematisk å legge til grunn. Allment har "politikarrepresentanten" utvikla seg til å bli "den ikke representative representanten" som i større grad velger politikken som ein individuell karriereveg, og som springbrett for eigen karriere (Hjellebrekke og Korsnes 2003). I staden for å vera politisk representant, har politikarrollen gått over til å bli alt meir ein funksjonærrolle (Vike 2004). Samla sett, kan ein såleis sei at politikken har mist mykje av sin legitimitet. Eit slik tvetydig blikk har ikkje Grimen utdjupa tilstrekkeleg i sitt perspektiv på politikken. Det mest urovekkande i dette synspunktet ligg i at tydinga av openheit og allmennmenneskelege normer utelatast. Dette er viktige kjelder og korrektiv til å kunne tøyle politisk makt og arroganse.
Eit anna moment eg vil peike på er Grimen si omtale av profesjonelle som kollektive representantar for sosiale samanslutningar. Frå min eigen ståstadfinn eg det vanskeleg å forstå ei slik asymmetrisk skildring. Korleis vert det for "meg" som samfunnsborgar" å møte eit profesjonelt kollektiv på den andre sida, som ikkje er berar av eit same "eg"? No hevdar Grimen rett nok at nærleiksetikkar ikkje er uinteressante for profesjonsetikken, men presiserer at dei utgjer ikkje ei (vesentleg) [1] kjelde. Eg meiner Grimen med sitt synspunkt kan resultere i andletslause profesjonelle utøvarar, utan ansvar for samfunnsborgaren direkte, men berre som eit (gjen)svar på politisk delegasjon. Dette meiner eg blir feil. Til like med Nortvedt, Aasland og Hofmann meiner eg at profesjonsetikken, i tillegg til politikken, må forankrast i møte med den konkrete andre. Eg vil trekke fram korleis ei einskild sak med nære og konkrete skildringar av "Gro-saka" fekk konsekvensar for overordna politikk. "Gro" var ei autistisk jente som blei handsama i strid med offentlege retningslinjer, karakterisert som mishandling (Sveri 1977 etter Tranøy 1986). Dette førde til at fleire blei tiltalde for si handsaminga av "Gro". Og sjølv om alle til slutt blei frikjende, (pleiarar var tiltalde for valdsbruk og lekamskrenking, ein psykolog for psykisk medverknad etter å ha planlagt åtferdsterapien) var "Gro-saka" eitt viktig bidrag til å dokumentere ein stor avstand mellom (politiske) mål som framkom i fleire offentlege dokument om dei utviklingshemma og deira levekår. Dette bidrog til å skape ein offentleg debatt som synleggjorde at deira medmenneskelege, sosiale og kulturelle kår var uakseptable. Debatten var avgjerande for gjennomføringa av ein av dei største reformene i norsk helsehistorie (HVPU-reforma) som frigjorde menneske med psykisk utviklingshemming til allmenne borgarar.
Offentleggjeringa av "Gro-saka" i Dagbladet bidrog til ein omfattande samfunnsdebatt om kva som er akseptabel handsaming av menneske med psykisk utviklingshemming. Journalistane Gerd Benneche og Arne Skouen var sentrale aktørar la avgjerande premisser for avviklinga av helsevernet for dei psykisk utviklingshemma. Praksisen overfor denne gruppa var prega av manglande profesjonell og politisk kontroll, og eksisterte innanfor segregerte einskaper, i eit stort fråver av etisk dømmekraft. Etter kvart som omsorga fekk anerkjenning som samfunnsansvar, resulterte dette i enorme tilføringar av ressursar som fekk avgjerande verknader for eit profesjonsetisk handlingsrom. Vi ser her kor avgjerande det er at det takast særlege omsyn til sårbare grupper.
Maktutgreiinga si forskargruppe delte seg i synet på kva ein skulle legge i viktige omgrep som "makt" og "politikk". Og det var m.a. ulike synspunkt på behovet for særleg rettsvern utover det som følgjer av fleirtallsvoteringar. Hege Skjeie viser i ein eigen uttale (NOU:2003: 19, s.74-87) til tydinga av at majoriteten treng å kjenne sine grenser, og ikkje ta for gitt fleirtallssynspunkt. Ein kan ikkje ta for gitt at politikken slik den fungerer sikrar eit slikt vern for utsette grupper. Synleggjeringa av "Gro-saka" viser tydinga av at politikken treng at aktørar, utanfor politikk og profesjonell verksemd, engasjerer seg ut frå allmennmoralske grunnar. Media spela her ein rolle, som garantist mot maktmisbruk. Dette er blitt eit meir framtredande trekk i samtida. Tidlegare var media i stor grad partipolitikkens talerør. No har dei sjølve blitt ei motmakt mot politikken. Mediene talar ikkje lenger til folket på vegne av partia, men på vegne av folket til makthavarane, slik det formulerast i ”Norske makteliter” (Gulbrandsen [et al.] 2002). I eit slikt lys kan ein sei at allmennmoralske prosessar i samspel med media førde tol at "Gro-saka" blei ei avgjerande kjelde for at politikken tok moralsk ansvar, og la grunnlag for ei vending av profesjonetiske problemstillingar. Om ikkje enkeltpersonar, som Benneche og Skouen hadde tatt ansvar for å målbera "Gro-saka" som "den konkrete andre", hadde hende aldri HVPU-reforma blitt ei politisk, prioritert sak.
Profesjonsetikkens tvetydige grenser
Grimen lanserer eit alternativt forslag, inspirert av Welsh and Pringle (BMJ, 323, 28. juli 2001). Forslaget går ut på å etablere ein institusjonell ordning som kan demme opp for fragmentering og forvitring i kjølvatnet av nye styringsformer. Målet er å styrke det politiske og dermed det profesjonsetiske mandatet. Ei slik ordning skal bygge på subsidaritets-prinsippet, der det skjer ei vertikal maktspreiing, og oppgåver søkes løyst, "nærast mogleg der slike handlingar vert utførde" (Grimen ibid s.6). Profesjonar delegerast samfunnsansvar for bestemte område. Og så er det profesjonen, som sosial samanslutning, som påtar seg samfunnsansvaret og det politiske mandatet, og som gjennom internkontroll (av eigne medlemmer) sørgjer for at samfunnsborgarane får det dei har krav på. Poenget med ei slik ordning er at profesjonane som sosial samanslutning, skal operere innanfor "ein profesjonsekstern, "performance accountability". Profesjonen blir ansvarleg for å "halde orden i eige hus". Dette kan gje rom for å inkludere andre kapitalformer enn dei reint adminstrative- og økonomiske, slik som fysisk, menneskeleg og sosial kapital. Grunngjevinga er basert på det Grimen (ibid s.8) kallar for "organisatorisk effektivitet og ikkje som ein moralsk kodeks".
Om vi ser Gro-saka i eit slikt to stegs-system, ser vi straks at ho let seg ikkje eintydig innordne innanfor slike profesjonsetiske grenser. Det reiser ein ansvarlegheitsproblematikk som er samansett. I kva grad kan psykologar vera ansvarlege for pleiarars makt- og valdsbruk? Og i kva grad kan f.eks. psykologar halde orden i eige hus, så lenge som andre utfører det dei sjølve føreskriv? Ut frå empiriske røyndomar er både moralske og andre dilemma oftast tverrfaglege og vanskeleg avgrensbare på eit kollektivt nivå; kven har ansvar for kva?
Profesjonsetikken sitt paradoks
Fleire har debattert Grimens innlegg, og i boka "Profesjonsetikk" (2005) oppsummerer Svein Aage Christoffersen si tolking av Grimen. Han seier Grimen legg vekt på profesjonsetikk framfor profesjonetikk. I lys av Grimens synspunkt om profesjonar som "sosiale samanslutningar (associations), er dette forståeleg. Men det som er bekymringsfullt, er Grimens eintydige vekt på etikk som noko som påleggast profesjonelle ovanfrå og nedover. Eg meiner at ei slik absoluttering kan bidra til å underminere det kommunikative aspektet; og kan bidra til å skape ein utilstrekkeleg vàrheit for signaler nedanfrå. Dette er også argument som Nortvedt, Aasland og Hofmann har gjort seg til talerør for i sine debattinnlegg.
Eg meiner Grimen (ibid s.1) mistolkar "nærleiksetikkar" som eintydige moralfilosofiske posisjonar som om dei ikkje forheld seg til maktstrukturar. Levinas, som er ei sentral kjelde for dei såkalla nærleiksetikarane, legg nettopp til grunn det tvetydige ved etikken. Levinas (etter Vetlesen 1996) problematiserer overgangen frå to personer og til ein tredjepersons inntreden, ved grensa frå ansvar og over til rettferd" (ibid.). I det "eget" stiller dette spørsmålet, har eg gjort meg til ein tredje", seier Levinas (Vetlesen ibid:41). I det ein går over i rettferda, som ein som "betraktar", inn i sammenlikninga, skjer ein overgang til økonomiske betraktninger basert på kommensurabilitet, seier Levinas. Det som før var ulikt er omgjort til likskap, og dette korrigerer nærleiken sin asymmetri. Slik forlet "eget" etikken til fordel for "maktutøvelsen som representerer staten og som innebærer "selve værens strid i tiden"" (Levinas 1998:158). Dette illustrerer profesjonsutøvaren sitt etiske paradoks, slik den danske sosiologen Øjvind Larsen (1999) formulerer i artikkelen: "Det moralske paradoks i forvaltningen". Innanfor rammene av einkvar forvaltning følgjer krav til forvaltaren om både å vera lydig mot overordna maktstrukturar, samtidig som forvaltaren skal vera personleg ansvarleg for eigne val og utøving av dømmekraft. Studien "Maktens samvittighet" (Vike m.fl. 2002) viste korleis ansvar blei forstått og handtert ulikt på ulike hierarkiske nivå. På lågare hierarkiske nivå handla det om å ta moralsk ansvar for konkrete menneske, medan det på høgare hierarkiske nivå handla om budsjettstyring og oversikt over abstrakte storleikar. Aktørar frå ulike hierarkiske nivå i forvaltninga representerte ulike sett av prioriteringar, utan at samhandlinga om dette var eksplisitt, men tvert om, implisitt og uuttalt. Gjennom auka avstand, blei opphavleg moralske spørsmål, omgjorde til spørsmål om styring og makt. Det var som om dei moralske dilemma hadde "fordampa" undervegs.
Empiriske røyndomar viser kor skøyre moralske spørsmål er. Difor bør profesjonsetikken vera bygd på ein politisk legitim- og allmennmoralsk grunn, nært kopla til normer om anerkjenning av og medkjensle med konkrete andre.
[1] mi utheving
Januar 2006




