|
Nyhetsbrev 2
Fredag 17. februar 2006
Tema:
- Landsmøtet i Studentenes Landsforbund
- Late studentar
- Studere i utlandet?
- Studiepoeng for verv
- Vårkonferansen
- Servicesenteret
Landsmøtet i Studentenes Landsforbund Forsamlinga har vald 13 delegat som skal representere HiO. Dei byrjar neste veke å forberede seg til Landsmøtet som føregår 23. – 26. mars på Hamar. På neste møte i forsamlinga vil dei viktigaste sakene bli presenterte. Nokre heite poteter:
- Konverteringsordninga
- Opptakskrav
- Rollene til universitet og høgskular
Late studentar Informatikkprofessor Kai A. Olsen sette denne veka i gang ein diskusjon om iddelmåtige studentar. Øyvind Bakke meiner professoren er nyansert. Les meir her:
UKA06 I morgon, laurdag, byrjar UKA06 med Briskeby og Million Dollar Baby. Det heile blir avslutta med Turbonegro neste laurdag (25. feb). Meir informasjon på www.hogskoleuka.no.
Studentparlamentet ønskjer Samfunnet lukke til med UKA. Nytt nummer av OsloStudenten er å finne på HiO og det er veldig mykje bra å lese der! Studere i utlandet? Viste du at du kan ta eit semester i utlandet? Viste du at det kom om lag 100 nye internasjonale studentar til HiO dette semesteret? Dei fleste av desse studentane kjem frå institusjonar HiO har avtalar med. Studiepoeng for verv Ordninga med studiepoeng for verv er i ferd med å bli etablert. Studentparlamentet håpar det vil bli mogleg å få studiepoeng for studentar med verv løpet av våren 2005. Foreløpig ser det ut til at ein skal kunne oppnå studiepoeng ved å levere ein rapport og delta på enkelte av Studentparlamentet sine kurs. Les sakspapira som låg til grunn for saka her. Vårkonferansen 24.-26. februar arrangerar StL vårkonferanse i Trondheim. Temaet for konferansen er likestilling i høgare utdanning, og det vil bli satt fokus på minoritetsstudentar, kjønnsperspektiv, funksjonshemma og andre som kan føle seg på sida i høgare utdanning. Nyheitsbrev - liste Vi har no oppretta ei e-postliste for nyheitsbrevet. Alle som er meldt på lista har fått e-post om dette. Denne ordninga reduserar faren for spam og gjer at det er lett å melde seg på og av lista. Ris og ros til servicesenteret? Har du vore innom det nye studentservicesenteret i P46? Der skal du kunne få hjelp med det meste du lurer på. Har du ros eller ris til tilbodet? Gi beskjed til oss, så samlar vi opp til møtet vi skal ha med dei ansvarlige snart.
www.hio.no/studentparlamentet gløym heller ikkje våre fantastiske oppdaterte nettsider
Ha ei god helg
mvh Studentparlamentet
|