Høgskolen i Oslo

Velkommen til HiO / Studentparlamentet / Nyhetsarkiv / Nyhetsbrev 2006 / Nyhetsbrev 3

Nyhetsbrev 3

Torsdag 09. mars 2006
Tema:
- Forsamlinga møtest igjen
- Late studentar?
- Landsmøtet i StL
- Jazid søkjer frivillige
- Tillitsvaldskveld
- Nye lokalar

Forsamlinga møtest igjen
Neste møte i Forsamlinga er på tysdag kl 1700 i P46. Forsamlinga skal ta stilling til:

  • Konteeksamen
  • Landsmøtesaker
  • Støtte til OsloStudenten
  • Valordninga

Les meir her.

Møte er open for alle og skulle du interessere deg for ein eller fleire av sakene er det berre å dukke opp.

Oversikt over dei som sit Forsamlinga finn du her.

 

Debatten rasar på nettet

Late studentar?

På eit kontor i Fyrhuset sit leiar og talsperson for HiO-studentane og klør seg bak øyra. Karin-Elin Berg lurer på kor late HiO-studentane eigentleg er.

 

Landsmøtet i Studentenes Landsforbund

Til helga reiser HiO sine 13 landsmøte delegat til Vestfold for å forberede seg til Landsmøtet. Diskusjonane er allereie i gang i mange fora. Er dagens konverteringsordning bra? Er utdanning for alle? Eller skal vi innføre karakterkrav.

 

Jazid søkjer frivillige

Har du lyst til å bli med i Jazid jazzklubb? Jazid treng frivillige til ein konsert eller to i vår. Jazid betalar for innsats med gratis konsertar heile året samt medlemspris på alle jazzklubbar i byen. Interessert? Send e-post til hallvard.lavoll-nylenna@hio.no. Sjå også www.jazidjazz.com

 

Tillitsvaldskveld

Måndag 3. april arrangerer Studentparlamentet tillitsvaldskveld. Nokre av tema er:·       

  • Studiepoeng for verv
  • Studentane sin deltaking i tilsetjingar av UF-personalet
  • Utdanninga si relevans for yrkeslivet – kva forskar SPS på?

 

Nye lokalar

Det er mykje byggjeaktivitet i P46 for tida. Det er håp om at SP sine nye lokale står ferdige til påske.

----

Kjenner du nokon som burde få  nyheiter pr e-posten frå studentparlamentet. All påmelding skjer her.

www.studentparlamentet.no

gløym heller ikkje våre fantastiske oppdaterte nettsider

Ha ei god helg

mvh

Studentparlamentet