Høgskolen i Oslo
Høgskolen i Oslo
Fronter Les e-post med Webmail Læringssenteret Personer HiO-veven

Helse

Studietilbud Enheter Kontakt English Utskrift

Velkommen til HiO / Enheter / Avdeling for helsefag (HF) / For tilsatte / Nytt og nyttig / Nytt og nyttig arkiv 2003 / Raslande skjelett og tannlegeskrekkfilm!

Raslande skjelett og tannlegeskrekkfilm!

Mange morosame og kreative innslag på Avdeling Helsefag sine stands på open dag ved HiO.
stand tannteknikk

Tannteknikarstudentar laga protesar. Jammen var det ein hovudskalle her også.

Nå veit vi kva for ein tannlege vi ikke skal gå til... Tannteknikarstudentane hadde laga sin eigen heilt personlege tannlegefilm med med mykje lydeffektar. Elles sat studentane og arbeidde med tannprotesar, dei serverte ikkje sjokolade.

Fysiostand

Linda og Birgitta serverte sjokolade med prolaps

Det gjorde derimot både fysio og ergoterapi som synte fram vonde prolapsar (modell), og delte ut brosjyrar. Det var fleire skjelett her, ortopedi hadde lagt ut nokre lause armar og bein, men det såg ikkje ut som dei besøkande vart redde av den grunn. Stemninga var god, og det var mykje folk innom.

Radiograf synte fram ein tredimensjonal, roterande modell av våre inste organ, og i mikroskopet til bioingeniørane fekk vi sjå masse sopp som kom innanfrå kroppen ein stad. Det likna korkje på kantarell eller sjampinjong, og kan iallfall ikkje lagast soppstuing av.

reseptarstand

Blide reseptarstudentar gjorde ein god jobb

Nokre av oss kunne vel trenga ein oppkvikkar etter dette, og heldigvis delte reseptar ut vitamintablettar. Dei synte også korleis dei lagar salve på gamlemåten med mortar og pistill.

Det var gildt å sjå så mange morosame innfallsvinklar til utdanningane. Med denne imponerande innsatsen frå entusiastiske tilsette og studentar må det då koma ein heil haug med nye studentar til hausten?

Alle foto: Idun Stokka