Engelsk 1, 1-7
Dette studiet er retta mot deg som er lærar, og som ønskjer å kvalifisere deg til å undervise i engelsk i første til sjuande klasse. Studiet kan også vere interessant for lærarar som har engelsk, men som treng fagleg og fagdidaktisk fornying.
Studieinnhald
Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar.
Målgruppa er lærarar som ønskjer å kvalifisere seg til å undervise i engelsk i første til sjuande klasse.
Gjennom studiet får du
- kunnskap om korleis skape tryggleik i å uttrykke seg munnleg og skriftleg
- auka medvitet og kunnskapen om ulike typar lesing og litteraturen si rolle i språktileigninga
- prøve ut mange genrar til bruk i undervisninga
- innføring i grunnleggande ferdigheiter i engelsk
- døme på variert bruk av IKT og nettressursar
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Studiet er nett- og samlingsbasert, og går over to semester. I kvart semester blir det 3 todagarssamlingar, og 3 nettbaserte samlingar.
Du lærer gjennom forelesingar, skriveprosessar, diskusjonar, skriftlege oppgåver og arbeidskrav.
Vi brukar nettkonferanseverktøyet Adobe Connect til nettsamlingar og kommunikasjon mellom deg og faglærar.
Eigen yrkespraksis skal vere utgangspunktet for arbeid i studiet, og som utprøvingsarena og refleksjonsgrunnlag for arbeidskrav.
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sandane
- Studielengd:
- 1 år deltid
- Studiepoeng:
- 30
- Nivå/grad:
- Vidareutdanning
- Opptakskrav:
- Lærarutdanning (allmennlærar, grunnskulelærar, faglærar, førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning) og vere i ein lærarstilling.
- Studiekode:
- 1999
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.08.2015