Engelsk 1, 5-10
Dette studiet er for deg som er lærar, og som ønskjer å kvalifisere deg til å undervise i engelsk i femte til tiande klasse. Studiet kan også vere interessant for lærarar som har engelsk, men som treng fagleg og fagdidaktisk fornying.
Studieinnhald
Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar.
Målgruppa er lærarar som ønskjer å kvalifisere seg til å undervise i engelsk i femte til tiande klasse
Gjennom studiet får du
- eit praktisk retta kurs med fokus på fagdidaktikk
- øving i munnleg og skriftleg engelsk
- innføring i grunnleggande ferdigheiter i engelskfaget
- arbeide med litterære sjangrar og analyse, mest innan barne- og ungdomslitteratur
- arbeide med sosiolingvistisk og sosiokulturell kompetanse og anglo-amerikansk kultur
- gode døme på bruk av film og nettbaserte ressursar
- kunnskap om korleis legge til rette for gjennomføring av didaktiske opplegg i skulen
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Studiet er nett- og samlingsbasert, og går over to semester. I kvart semester blir det 3 todagarssamlingar, og 3 nettbaserte samlingar.
Du lærer gjennom forelesingar, skriveprosessar, diskusjonar, skriftlege oppgåver og arbeidskrav.
Vi brukar nettkonferanseverktøyet Adobe Connect til nettsamlingar og kommunikasjon mellom deg og faglærar.
Eigen yrkespraksis skal vere utgangspunktet for arbeid i studiet, og som utprøvingsarena og refleksjonsgrunnlag for arbeidskrav.
Krav til utstyr og programvare
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sandane
- Studielengd:
- 1 år deltid
- Studiepoeng:
- 30
- Nivå/grad:
- Vidareutdanning
- Opptakskrav:
- Lærarutdanning (allmennlærar, grunnskulelærar, faglærar, førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning) og vere i ein lærarstilling.
- Studiekode:
- 1999
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.08.2015