Historie
Er du politisk engasjert og vil påvirke samfunnsutviklinga? Eller likar du å reise og har erfart at det du ser og opplever får ein ny dimensjon med historiekunnskap? Å ha kunnskap om fortida er eit godt utgangspunkt til å forstå samtida, og ein bachelor i historie kan gi deg nettopp det.
Studieinnhald
Studiet byggjer på ei kronologisk innføring i den historiske utviklinga frå antikken og fram til i dag. Vi legg vekt på at studiet skal ha både ein lokal, regional, nasjonal og global synsvinkel.
Du lærer om
- eldre og nyare historie
- globalisering
- samfunnsvitskapleg og historisk metode
- vitskapsteori og filosofihistorie
I tredje studieår står du fritt til å velje eit årsstudium eller sette saman ulike emner, enten ved HiSF eller ved andre høgskular/universitet i Norge eller i utlandet.
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, gruppediskusjonar, oppgåveskriving med rettleiing og ekskursjonar. Du skriv fleire mindre oppgåver gjennom studiet. I bacheloroppgåva skriv du om eit historisk emne du interesserer deg for.
Dersom du har årsstudium i samfunnsfag ved HiSF, kan du søke opptak direkte til 2. år.
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sogndal
- Studielengd:
- 3 år
- Studiepoeng:
- 180
- Nivå/grad:
- Bachelor
- Opptakskrav:
- Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
- Poenggrense ved siste opptak:
- Ordinær kvote: Alle kvalifiserte. Kvote for førstegangsvitnemål: Alle kvalifiserte
- Studiekode:
- 216 481
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.04.2015