Hopp til innholdMeny

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Har du universitets- eller høgskuleutdanning og vil bli lærar? Eller har du yrkesfagleg bakgrunn? Med praktisk-pedagogisk utdanning kan du undervise i 5. klasse og oppover - alt etter kva fag du har.

Tre ppu-studentar foran tavle
Daria, Sondre og Elise har tatt PPU ved HiSF.

Studieinnhald

I studiet vidareutviklar du fagkompetansen din. Du lærer å undervise i dine fag og utviklar sosial og yrkesetisk kompetanse som førbur deg til læraryrket.

Du lærer

  • å planleggje og evaluere undervisning og læring
  • om etikk og yrkesidentitet
  • å leggje til rette for tilpassa opplæring
  • å samarbeide med elevar/lærlingar, kollegaer, foreldre og andre for å planleggje, gjennomføre og vurdere opplæringa

Du har 12 veker praksis.

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, arbeid og diskusjonar i grupper og seminar, prosjektarbeid og ulike praktiske aktivitetar.

Opptakskrav

Begge opptakskrava må vere oppfylt:

  • Fullført universitets- eller høgskuleutdanning av minimum tre års omfang, som kvalifiserer for undervisning i skulefag i grunnskule eller fellesfag i vidaregåande opplæring
  • Minimum 60 studiepoeng (sp) i eit eller to fag, med innhald som har relevans for undervisning i skulen

Fagtilbod 2015-16

Fagdidaktikk i samfunnsfag, framandspråk, norsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.

Dersom du er kvalifisert for to fag, skal du ha fagdidaktikk i begge faga.

Det er ein føresetnad for opptak at søkjarane har fag som høgskulen kan tilby fagdidaktikk og praksisplassar i, og at det blir nok søkjarar innanfor dei enkelte fagdidaktikkområda.

Veit du at du kan ta PPU på deltid?

Les om deltidsstudiet

«For oss var PPU ei naturleg forlenging av bachelorgraden. Det vi lærer er veldig relevant, og gjer oss godt førebudde til å gå inn i læraryrket. Vi får svært mykje ut av studiet med tanke på at det berre er eit årsstudium, og vi har mykje praksis. »

- Daria Dyste, Sondre Setrom og Elise Gjestvang, tidlegare studentar

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
1 år
Studiepoeng:
60
Nivå/grad:
Årsstudium
Opptakskrav:
Sjå innhaldsfeltet.
Krav om politiattest
Studiekode:
216 1402
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.04.2015