Hopp til innholdMeny

Ingeniør elektro - automatiseringsteknikk

Er du interessert i elektronikk og data? Då er bachelor i ingeniør elektro noko for deg. Studiet er praktisk retta, og du får utfalde deg på ingeniørlaben vår. Som elektroingeniør blir du ettertrakta på jobbmarknaden.

Møt ein student og ein lærar på ingeniørstudiet.

Studieinnhald

Du lærer om

  • automatiseringsteknikk som plasserer deg midt i skjeringspunktet mellom data og elektro
  • elektronikk, data, styrings- og reguleringsteknikk, instrumentering og måleteknikk
  • data som hjelpemiddel, programmering, regulering, datainnsamling og datalagring

I tredje studieår kan du spesialisere deg innan til dømes byggautomatisering eller energiteknologi. 

Prosjektoppgåver og bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gir deg ein unik sjanse til å kome i kontakt med framtidige arbeidsgivarar.

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar og prosjektarbeid. Vi gir deg tett oppfølging gjennom heile studiet.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og matematikk R1 (2MX), R2 (3MX) og Fys 1 (2FY). Realkompetanse. 

Manglar du matematikk- og fysikkrava, kan du kvalifisere deg gjennom Ingeniør forkurs tresemester. 

Dersom du ikkje fyller opptakskrava, kan du kvalifisere deg gjennom ingeniør forkurs, eittårig.

Veit du at Studiebarometeret viser at våre studentar er blant landets mest fornøgde elektroingeniørstudentar?

Sjå resultata frå Studiebarometeret

Veit du at dersom du har fagbrev innan elektro, kan du ta ingeniørutdanninga gjennom y-vegen?

Les om y-vegen

«Det første året er det mye teorifag, men vi får veldig god hjelp av faglærerne. Det fungerer bra på grunn av de små klassene vi har. Vi får prøve ut teorien i praksis gjennom prosjektarbeid og labøvelser. Studentmiljøet er veldig bra og inkluderende.»

- Ole Kristian Førsund, tidlegare student

Fakta om studiet

Studiestad:
Førde
Studielengd:
3 år
Studiepoeng:
180
Nivå/grad:
Bachelor
Opptakskrav:
Sjå innhaldsfeltet. 
Poenggrense ved siste opptak:
Ordinær kvote: Alle kvalifiserte. Kvote for førstegangsvitnemål: Alle kvalifiserte
Studiekode:
216 005
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist: