Hopp til innholdMeny

Ingeniør forkurs, eittårig

Ønsker du å ta bachelor i ingeniørfag? Ingeniør forkurs eittårig er eit tilbod til deg som ikkje har tilstrekkeleg teoretisk bakgrunn frå vidaregåande skule, eller som ikkje har eksamen i realfaga matematikk og fysikk.

Kvinneleg og mannleg student i samtale på benk utandørs
Som student i Førde blir du del av eit oversiktleg og inkluderande studentmiljø.

Studieinnhald

Forkurset inneheld faga matematikk, fysikk, norsk, teknologi og samfunn og engelsk. Du kan søkje om fritak for dei faga du har frå før.

Kurset gir ikkje generell studiekompetanse.

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid og laboratorieøvingar. Vi gir deg tett oppfølging gjennom heile året. 

Opptakskrav

Du må oppfylle eitt av følgjande opptakskrav:

  • Vk1 frå alle studieretningar i vidaregåande skule utanom allmennfagleg studieretning (Reform 94)
  • Vg2 frå alle programområde i vidaregåande skule utanom utdanningsprogram for studiespesialisering (Kunnskapsløftet)
  • Fullført vidaregåande skule, allmennfagleg studieretning, men utan nødvendig fordjuping i realfag (Fysikk 1 og R1 + R2 eller 2FY og 3MX)
  • Yrkespraksis, eller kombinasjon av yrkespraksis og skulegang, minimum 5 år. Må vere fylt 23 år.

Veit du at minst 20% av studieplassane ved alle ingeniørstudium ved norske høgskular er reservert for kandidatar frå eittårig forkurs? For å konkurrere om desse plassane må du ha fullført forkurs, dvs. minst 30 timar per veke.

«Eg var ikkje veldig god i verken matte eller fysikk, men kom meg likevel greitt gjennom forkurset. Undervisning i klasserom og tett kontakt med faglærarane var med på å auke både snittet og trivselen i klassen betydeleg. »

- Tomas Eikelid, tidlegare ingeniørstudent

Fakta om studiet

Studiestad:
Førde
Studielengd:
1 år
Studiepoeng:
0
Nivå/grad:
Kurs
Opptakskrav:
Sjå innhaldsdelen
Studiekode:
216 1909
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.04.2015