Kroppsøving 3
Ønskjer du å spesialisere deg i kroppsøving? Dette studiet gir deg tverrfagleg kunnskap om fysisk aktivitet, og ser på tema og problemstillingar som er sentrale for læring av bevegelse.
Studieinnhald
Gjennom studiet lærer du
- kva det vil seie å vere og lære i bevegelse
- korleis fremje og vurdere gode aktivitetsvanar i kroppsøving
- å analysere og vurdere motoriske ferdigheiter
- om pedagogiske teoriar og didaktiske metodar som er sentrale for undervisnings- og læringsprosessar i kroppsøving og friluftsliv
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt fordjupingsarbeid, både teoretisk og praktisk.
Mellom samlingane vil kommunikasjonen gå føre seg gjennom e-læringsverktøyet Fronter.
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sogndal
- Studielengd:
- 1 år deltid
- Studiepoeng:
- 30
- Nivå/grad:
- Vidareutdanning
- Opptakskrav:
- Lærarutdanning (allmennlærar, grunnskulelærar, faglærar, førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Tilleggskrav: Årsstudium i idrett eller tilsvarande.
- Studiekode:
- 216 1587
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.08.2015