Bakgrunn
Eg er utdanna allmennlærar, med mastergrad i formgjeving, kunst og handverk. Eg har også vidareutdanning innan leiing og personalarbeid og informatikk.
Eg har undervisningserfaring både frå grunnskule og vidaregåande skule. Sidan 1995 har eg vore tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i ulike studieadministrative stillingar. Hausten 2014 jobba eg som høgskulelektor (timelærar/vikar) i kunst og handverk ved høgskulen. Sjå min CV her.
Pr 01.08.2015 har eg ansvar for desse studieadministrative områda:
- Koordinator for praksis i grunnskulelærarutdanninga (heiltid), ALI
- Administrativ koordinator for Den nasjonale rektorutdanninga, ALI
- Administrativ koordinator for vidareutdanningar ved ALI (ansvar for opptak, informasjon, studieplanarbeid knytt til VU)
- Karriererettleiing (faste vakter i Karrieresenteret ved høgskulen og studentrettleiing knytt til avdeling for lærarutdanning og idrett)
- Informasjonsarbeid: nettredaktør for praksissider ved ALI; nettredaktør knytt til informasjon som gjeld vidareutdanningar (samlingsplanar m.m). Skriv nyhendesaker på HiSFsine nettsider. Grafisk utforming av plakatar, informasjonsskriv m.m. ved ALI.
Deltek i desse teama ved HiSF: Praksisteam ALI, Karrieresenterteam, Opptaksteam, Nettredaksjonsteam, Seksjon for utdanning (SFU).
Utgivelsar
- Stenseth, H. (2015) . Installasjoner som virkemiddel for å skape undring hos barn. I: Greve, A; Pedersen, L; Sviggum, H.G (red.). Faglighet i barnehagen, s. 125-139. Bergen: Fagbokforlaget
