Hopp til innholdMeny

Musikk 1, 5-10

Dette er ei vidareutdanning for deg som er lærar, og som ønskjer undervisningskompetanse i musikk.

Tre ungdommar sm ser i kamera, ein med øyreklokker på.

Studieinnhald

Sentrale tema i studiet er

  • læring gjennom praktisk musisering
  • undervisning i hovudinstrument og brukspiano eller bruksgitar
  • høyrelære og musikkteori
  • komponering og musikkskaping
  • IKT – digitale opptak og bearbeiding av lyd
  • musikkhistorie
  • lytting
  • musikk som kjelde til oppleving og erkjenning
  • song med barn og unge
  • bruk av rytmeinstrument, bandinstrument og andre instrument i klasserommet

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den! 

Undervisningsmåtar

Undervisninga er samlingsbasert, og delvis nettbasert. Det er lagt opp til 5 todagarssamlingar per semester.

Sjå samlingsdatoar

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
1 år deltid
Studiepoeng:
30
Nivå/grad:
Vidareutdanning
Opptakskrav:
Lærarutdanning (allmennlærar, grunnskulelærar, faglærar, førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning)
Studiekode:
216 1583
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.08.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak