Den nasjonale rektorutdanninga
Det er krevjande å vere skuleleiar. Rektorutdanninga skal gjere det lettare og betre for deg å ivareta alle dei varierte og omfattande oppgåvene som er knytt til det å leie ein grunnskule eller vidaregåande skule.
Studieinnhald
Godt leiarskap er viktig i all pedagogisk verksemd. Pedagogisk kompetanse innan leiarskap, både teoretisk og praktisk, er vesentleg i studiet.
Studiet er eit samarbeid mellom HiSF, NLA Høgskolen i Bergen og KS-Konsulent, og er på masternivå.
Modellen nedanfor viser kva hovudtema vi legg vekt på:

Rektorutdanninga er eit statlig finansiert videreutdanningstilbod for rektorar og skuleleiarar. All undervisning, rettleiing og aktivitet i studiet er inkludert. Utgifter til reise, opphald og relevant studiemateriell må dekkast av skuleeigar eller deltakarane sjølve.
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Studiet er samlingsbasert, med til saman 7 samlingar. Du lærer gjennom forelesingar, øvingar, rettleiing i grupper og individuelt.
Studiet er nært knytt til utviklingsoppgåver som fylkeskommune, kommune eller skule prioriterer. Du blir oppmoda om å gjere studiearbeidet så røyndomsnært som mogeleg.
Veit du at rektorutdanninga er tilrettelagt for å kunne kombinerast med full jobb som skuleleiar?
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Ålesund
- Studielengd:
- 1,5 år deltid
- Studiepoeng:
- 30
- Nivå/grad:
- Vidareutdanning
- Opptakskrav:
- Rektorar, avdelingsleiarar og inspektørar som er tilsett i grunnskule eller vidaregåande opplæring kan søke på studiet.
- Studiekode:
- 1999
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.03.2015