15 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Open dag i Førde Utskriftsvennleg versjon

Klikk for større bilete

Avdeling for helsefag og Avdeling for ingeniør- og naturfag inviterer til Open dag tysdag 7. november kl. 9 - 15 i Høgskulebygget på Vie.

  • Fellesstasjon ingeniørutdanninga og helsefag: Elektrisitet og førstehjelp. Kva må ein gjere om ulykka er ute? Hjerte- lungeredning, bruk av hjertestartar. Rom: Fanaraaken,

    kvar heile time

  • Sjukepleiesenteret "Florence" er øvingsposten til sjukepleiestudentane. Den er innreia som ei sjukehusavdeling. Der er moderne lokalitetar og moderne utstyr. Det er lagt vekt på at det skal vere så likt praksis som mogeleg. I tillegg til medisinsk teknisk utstyr, har vi ulike modellar/dokker til å øve på (sette sprøyter, høyre hjerte - og lungelydar, bandasje på sår, førstehjelp m.m.). På open dag vil det vere stasjonar i sjukepleiesenteret der besøkande kan få demonstrert utstyr og prøve sjølv. Besøkande vil møte lærarar og studentar der, og det vil vere mogeleg å få generell informasjon om sjukepleiarutdanning. Rom: Florence
  • Elektrolaben er øvingslaben til elektrostudentane. Her vil det bli utstilling og demonstrasjonar. Generell informasjon om ingeniørutdanning kan du også få her. Rom: Hammer
  • Legorobotar. Demonstrasjon. Rom: Linus
  • Ulike demonstrasjonar ma. av dampmaskin og hydrogenbil. Rom: Newton
  • Stands Bedriftsnettverket, TEKNA/NITO (ingeniørorganisasjonar), Studentsamfunnet, Norsk Sykepleierforbund. Rom: Fellesareal ved inngang
  • Kantina – her er det høve til å få seg ein matbit

Påmelding til Normann- André Kleiven 57 72 25 10 normannk@hisf.no


Sist endra av: Berit Amundsen, 25. oktober 2006 14:11:59
Publisert av: Joar Sande, 24. oktober 2006 08:55:23

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane