| Reglement/fristar | |
| Fristar for søknad om praksis utanfor fylket | |
| Retningslinjer for legemiddelhandtering | |
| Retningslinjer for praksisstudiar m.m. |
| Vurdering | |
| Vurderingsskjema for praksisstudiar |
| Bu- og reiseutgifter | |
| Skjema for dekking av bu- og reiseutgifter | |
| Reglement for dekking av bu- og reiseutgifter |

Praksisstudiar utgjer 90 studiepoeng (60 veker). Av desse utgjer 75 studiepoeng direkte pasientretta praksisstudiar, og 15 studiepoeng trening i praktiske ferdigheitar, førebuing til og refleksjon over praksis.
I praksisstudia vil studenten ha direkte kontakt med pasientar og få erfaring med korleis sjukepleiar kan vurdere pasientar og setje i verk tiltak. Studenten vil møte menneske i ulike situasjonar, noko som vil kunne gi innsikt og erfaring. Studenten vil og få innblikk i korleis organisering og gjennomføring av arbeidet vert gjort i dei ulike praksisfelta. I tillegg vil ein stimulere studentane til bevisstgjering av rolleoppfatning og holdningar. Eit mål for praksisstudia er at studenten er bevisst og reflekterer over om eigen praksis er i samsvar med faglege krav.
|
Studieår |
Praksis |
Antal veker |
|
1. studieår |
Praksisstudiar i grunnleggande sjukepleie (emne 1) |
8 veker |
|
2. studieår |
Praksisstudiar i medisinsk avdeling (emne 6) |
8 eller 10 veker |
|
2. studieår |
Praksisstudiar i kirurgisk avdeling (emne 6) |
10 eller 8 veker |
|
2. studieår |
Observasjonspraksis i førebyggjande helsearbeid (emne 7) |
2 veker |
|
3. studieår |
Praksisstudiar i heimebaserte tenester/omsorgsbustader (emne 8) |
8 veker |
|
3. studieår |
Praksisstudiar i psykisk helsearbeid (emne 8) |
8 veker |
|
3. studieår |
Praksisstudiar (valfri praksis, emne 9) |
6 veker |
I deltidsutdanninga går praksis over fire år.
Avdeling for helsefag nyttar praksisplassar i heile Sogn og Fjordane. Det er høve til å søkje om å få gjennomføre praksisperiodar utanom Sogn og Fjordane etter gjeldande reglement.
Ta kontakt med praksiskonsulent Monica Borsholm Hyllestad dersom de har spørsmål om praksis. Tlf.nr. 57 72 25 30 eller e-post: monica.hyllestad@hisf.no
Sist endra av: Monica Borsholm Hyllestad, 30. oktober 2007 10:11:02
Publisert av: Guy Steffen Brun, 04. desember 2006 10:32:37
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane