15 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Vellukka sårkurs Utskriftsvennleg versjon

Klikk for større bilete

19. - 20. oktober arrangerte Avdeling for helsefag og Hudpoliklinikken ved Førde Sentralsjukehus sårkurs i Høgskulen sine nye lokale på Vie. Kurset var lagt opp som ein kombinasjon av teori og praktiske øvingar, og deltakarane fekk nytte det nye sjukepleiesenteret til øvingane.

Sårkurs 19. - 20. oktober

Kurset samla om lag 45 deltakarar frå heile fylket. Målgruppa var legar og sjukepleiarar.

Øystein Vatne er avdelingssjef og overlege ved Hudpoliklinikken ved Førde Sentralsjukehus. Han er ein røynd førelesar, velkjend innanfor sitt fagområde både i fylket og nasjonalt.

Etter ei økt med teori var det tid for å prøve seg i praksis. Det nye sjukepleiesenteret har 14 sengar og kursdeltakarane vart delt inn i mindre grupper.

Til venstre ser vi sjukepleiar Aud Farestveit Larsen, frå Hudpoliklinikken rettleie studentane i dopplerundersøking.

Høgskulelektor Tove Sandvoll Vee ved avdeling for helsefag hadde hovudansvar for planlegging og gjennomføring av kurset. Ein kjapp gjennomgang av evalueringsskjemaene, synte at deltakarane var godt fornøgde med kurset.

HSF Oppdrag stod for praktisk tilrettelegging.

SISOF-kantina i Førde får topp-karakter frå deltakarane.


Sist endra av: Bente Kjørstad Walaker, 25. oktober 2006 12:55:28
Publisert av: Bente Kjørstad Walaker, 23. oktober 2006 17:21:34

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane