
Utalandsstudentane hadde det faste kræsjkurset i norsk i forrige veke. Torsdag var det tid for det store internasjonale festmåltidet: tre forrettar, fleire hovudrettar og to dessertar frå 5 land. Alle åt alt!
|
Det er fast tradisjon at studentane lagar til eit måltid med eigne favorittar mot slutten av norskkurset. I år var det heile 23 studentar som var med, 21 av dei frå "From Mountain to Fjord"-studiet. Det vart mykje smatting og stappmette deltakarar. Kva seier du til dømes om sild som blir servert rå på kjeks med salt, kutta løk og melbatoast? Tilbodet inneheldt og ein lekker eggerett frå Tyskland og lekre ostebitar som forrett, me hadde bønne- og kjøtgryte frå Zambia, ostegratinert potet frå USA med ymse godt på, pannekaker med overraskande fyll frå Nederland. Og slik heldt det fram til me gispa etter luft. Bileta viser noko av det smaksløkane fekk å arbeida med. Lærarar på kurset har vore Eli Bjørhusdal og Jan Olav Fretland. Dei er no i arbeid att etter gildet … |
|
|
|
|
|
Sist endra av: Ingebjørg Vikesland, 17. august 2007 07:51:58
Publisert av: Ingebjørg Vikesland, 16. august 2007 10:34:28
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane