
’Kunnskapsløftet’ er namnet på dei strategiar og tiltak som departementet har bestemt å prioritere etter handsaminga av St.meld. nr. 30 (2003-2004) Kultur for læring i Stortinget. På innhaldssida er den viktigaste oppfølginga av Kultur for læring ei heilt ny 13-årig grunnopplæring frå og med hausten 2006.
Om formålet med ’Kunnskapsløftet’ seier departementet i sin eigen strategiplan (2005-2008):
Personalet i grunnopplæringa skal ha kompetanse som sikrar elevane og lærlingane tilpassa opplæring med høve til å utvikle sine evner og talent i samsvar med generell del (av læreplanen), læringsplakaten og læreplanane for fag. Gjennom eit kompetanseløft skal skuleleiarar, lærarar og instruktørar i lærebedrifter rustast og stimulerast til å møte utfordringane knytte til dei endringar i innhald og struktur som reforma inneber
Høgskulen i Sogn og Fjordane vil delta aktivt i den store og fleirårige satsinga ’Kunnskapsløftet’ er.
Felles konferanse med høgskulen i Volda (23. - 24. mars 2006) om kompetanseløftet og ny rammeplan for barnehagen.
Informasjon om konferansen, førelesingar og innlegg finn du her
’Kunnskapsløftet’ er namnet på dei strategiar og tiltak som departementet har bestemt å prioritere etter handsaminga av St.meld. nr. 30 (2003-2004) Kultur for læring i Stortinget. På innhaldssida er den viktigaste oppfølginga av Kultur for læring ei heilt ny 13-årig grunnopplæring frå og med hausten 2006.
Om formålet med ’Kunnskapsløftet’ seier departementet i sin eigen strategiplan (2005-2008):
Personalet i grunnopplæringa skal ha kompetanse som sikrar elevane og lærlingane tilpassa opplæring med høve til å utvikle sine evner og talent i samsvar med generell del (av læreplanen), læringsplakaten og læreplanane for fag. Gjennom eit kompetanseløft skal skuleleiarar, lærarar og instruktørar i lærebedrifter rustast og stimulerast til å møte utfordringane knytte til dei endringar i innhald og struktur som reforma inneber
Sist endra av: Tor W. Eikemo, 09. januar 2007 09:55:51
Publisert av: Guy Steffen Brun, 06. desember 2006 13:15:05
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane