Sogn og Fjordane lærarstemne 2007 vart avvikla 19. og 20.april. Stemnet vart arrangert i samband med konferansen "Naturfag til glede og nytte", noko som gjorde programmet variert og samla over 300 deltakarar.
Torsdag ettermiddag var det opning ved dekan Rasmus Stokke og stipendutdeling for utviklingsarbeid i skulen. Stipendet i år gjekk til Bygstad skule for prosjektet: "Helse og trivsel gjennom fysisk aktivitet".
|
Kjell Skogen var årets hovudførelesar. Han har publisert ei rekkje bøker om inkludering og tilpassa opplæring. Han har vore gjesteforskar ved Harvard University og konsulent for Verdsbanken. Han har og vore rektor ved Statens spesiallærarhøgskole og instituttleiar ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo. |
|
Om kvelden var det festkveld på Quality Hotel Sogndal. Her var det kulturinnslag ved Den kulturelle skulesekken.
På stemnet sin andre dag kunne ein først velje mellom tre parallelle førelesingar
1. Olga Dysthe: Læringsteori og dialog
2. Astrid Holen og Margrete Aaraas: Den kulturelle skulesekken
3. Geir Kåre Resaland: Fysisk aktivitet i skulen
Seinare på dagen kunne ein plukke ut to av i alt ti parallelle fagøkter. Her kunne ein velje blant ulike naturfagsverkstadar, drama/forteljing, fysisk aktivitet, den kulturelle skulesekken, digitale læremiddel og ulike kunnskapsbasar (sjå program).
Presentasjonar brukt i førelesingane
Mellom øktene var det lagt opp til at ein kunne sjå kva undervisningsforlag og ulike organisasjonar kunne by på ved ulike stands. Her var det mykje å sjå på både av nye undervisningsbøker, konkretiseringsmateriell og informasjonsmateriell
|
|
|
Sist endra av: Siv Vestad, 14. mai 2007 08:44:59
Publisert av: Siv Vestad, 11. mai 2007 08:03:40
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane