
Avdeling for lærarutdanning og idrett v/Ragne Wangensteen og Margrethe Haug Syversen har fått tilslag frå Norsk Forskningsråd på prosjektet: "Med mappe som møteplass - Samarbeid for elevens læring i overgangen mellom ungdomstrinn og videregående skole"
Av totalt 49 søknadar vart 12 plukka ut til å dele på totalt 56 millionar. Høgskulen fekk først etableringsstøtte til eit forprosjekt som vart leia av Synneva Helland. Professor Kari Smith ved Universitetet i Bergen er tilsett som prosjektleiar for prosjektet som nå har fått midlar.
Hovudmålet for prosjektet ved HSF er å få fram kunnskap om elevane sine opplevingar av overgangen frå ungdomsskule og vidaregåande skule. Skulane skal nytte digitale utviklingsmapper og legge vekt på formativ vurdering, samarbeidet med føresette skal koplast opp mot dette arbeidet. Ein vil søkje informasjon om kva forventningar elevar har til overgangen mellom skuleslaga og kva som er bakgrunn for vala deira. Vi er og opptekne av å få kunnskap om foreldre si rolle som støttespelarar for elevane si læring, seier Ragne Wangensteen.
Høgskulen vil i dette prosjektet samarbeide med fire av praksisskulane: Svelgen, Olden, Øyrane vidaregåande og Flora vidaregåande skule. På denne måten vil også allmennlærar- og PPU-studentar ved HSF få verdifull erfaring og auka kompetanse med FoU-arbeid.
Sist endra av: Ingebjørg Vikesland, 15. august 2007 16:36:31
Publisert av: Siv Vestad, 11. juni 2007 07:54:44
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane