
Måndag 24. og tysdag 25. september vart undervisningsopplegget Tverrfagleg samarbeid avvikla for seks av HSF sine studium.
Dette var eit felles undervisningsopplegg for allmennlærar-, barnevern-, førskulelærar-, sosionom- , PPU- og vernepleiarstudentar.
Programmet starta med at dei 15 gruppene, som var sett saman av studentar på tvers av studia, møttest måndag morgon for å bli kjent med kvarandre og kvarandre sine profesjonar. Etter lunsj holdt Kjell Stien frå PP-kontoret i Fjaler førelesinga Tverrfagleg og fleirfagleg samarbeid i kommunen - "med hjarta på rette staden eller med hjarta i halsen".
Stien si førelesing danna grunnlaget for studentane sitt arbeid i grupper dagen etter. Kvar enkelt skulle utfrå sin profesjonelle ståstad førebu seg på deltaking i eit samarbeidsmøte, der ei sak som involverte sosial-/barnevernteneste og skule/barnehage vart teke opp. Dei hadde på førehand fått utdelt problemstillinga/saka.
Lærarar frå dei ulike studia gikk rundt og rettleia i gruppene, og gruppearbeidet vart avslutta med rollespel av samarbeidsmøta.
Studentane var engasjerte og syntest det var interessant å bli kjent med kvarandre sine profesjonar og fagspesifikke problemstillingar.
Bileta: Deltakarar i gruppe 13
|
|
|
Sist endra av: Caisa Hedlund, 02. oktober 2007 12:17:51
Publisert av: Caisa Hedlund, 25. september 2007 18:12:10
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane