15 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Om Avdeling for samfunnsfag

Klikk for større bilete

Dekan
Dekanen er fagleg og administrativ leiar for avdelinga.

Dekan fram til 31. juli 2007 er Wenche Fossen.

Avdelingsråd
Rådet er eit generelt rådgjevande organ og høyringsorgan, men med eit spesielt ansvar for å gje råd i faglege saker. Dessutan skal rådet vere eit organ som fører tilsyn med avdelinga si verksemd. Rådet er sett saman av tilsette, studentar og eitt eksternt medlem.

Avdelingsleiing
Avdelingsleiinga utveksler informasjon og tek opp saker som vedkjem den daglege drifta. Vidare har ein eit blikk på framtida, diskuterer kvalitetsarbeid og studieutvikling. Leiargruppa er sett saman av dekan, rådgjevar (personal - og økonomi), seniorkonsulent (studiesaker) og studieleiarane. Avdelingsleiinga har møte om lag to gonger per månad.

Fou-utval
Fou-utvalet ved ASF skal vere eit rådgjevande organ for dekan og i hovudsak arbeide i forhold til følgjande oppgåver:
- Drive fagleg og strategisk arbeid i forhold til fou-aktiviteten på avdelinga
- Følge opp og vere pådrivar på fou-verksemda på avdelinga
- Gje tilråding med omsyn til fordeling av vikarstipendmidlar og premiering av fou-arbeid.

Studienemnder
Avdelinga har fem studienemnder som er sett saman av fagtilsette, eksterne medlemmer og studentar. Kvart år ut i haustsemesteret blir det valt nye studentmedlemmer.



Sist endra av: Caisa Hedlund, 27. desember 2006 13:34:44
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 04. desember 2006 10:24:59

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane