
EndNote er programvare ein nyttar for å handtere referansar eller litteraturlister, til dømes i samband med eit større vitskapleg arbeid. Her kan ein lage sin eigen database over bøker, artiklar, internett-sider etc.
Ein kan enkelt importere data frå mange ulike databasar som til dømes Bibsys eller ISI Web of Science.
Saman med Word kan ein bruke dette programmet, og det er då ein ser gevinsten av å ta EndNote i bruk. Det vert svært enkelt å setje inn tilvisingane i eit dokument.
Innebygd i programmet finst mange typar stilar som tilfredsstiller krav frå ulike fagmiljø og tidsskrift.
Ved høgskulen har biblioteket kjøpt inn ein del einskildlisensar som vert tildelt fagtilsette.
Bibliotekarane gir også ei enkel opplæring i å bruke programmet. Ein må rekne med å bruke noko tid på å lære seg programmet for å ha fullt utbytte av det.
Sist endra av: Gerd Vik, 06. juli 2006 14:06:57
Publisert av: Gerd Vik, 29. mai 2006 15:01:16
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane