
Studentar som er knytte til HSF gjennom fjernundervisning, desentraliserte studium eller nettstudium, kan nytte biblioteket sine tenester. Biblioteket har som målsetjing at fjernstudentar skal få tilgang til dei same bibliotektenestene som dei andre studentane.
Lån
Som brukar kan du tinge lån og kopiar gjennom Bibsys. Vi effektuerer lån frå eiga samling og ordnar med innlån frå andre bibliotek. Dersom avstanden er for stor til at du kan hente bøker og artikkelkopiar sjølv, sender vi dei gratis i posten. Returen må stå for lånaren si rekning.
Lånekort
Studentkortet fungerer som lånekort for nye studentar. Låntakarnummeret står over strekkoden på baksida av kortet (t.d. hsf7001415).
Mi side
Ved å logge på det som heiter Mi Side i Bibsys får du oversyn over dine lån og reserveringar, og du kan forlenge lånetida sjølv. Du er avhengig av eit passord som du også kan bestille der. Dette får du tilsendt til E-post-adressa di i løpet av nokre sekundar.
Bibsys
Biblioteket sine samlingar er registrerte i BIBSYS, som er eit felles biblioteksystem for universitet- og høgskulebiblioteka, Nasjonalbiblioteket og fleire fag- og forskningsbibliotek i Noreg. Bruk hjelpetekstane i programmet!
Tilgang til andre databasar
I tillegg til Bibsys har studentar ved HSF høve til å søkje i ei rekkje databasar. Desse basane finn du også emnegruppert under vår databaseliste. Ein del av dei er berre tilgjengelege innanfor HSF-nettverket, men nokre av basane kan du få tilgang til via Fronter under biblioteka si oppslagstavle. Det gjeld td. Idunn. Der ligg også ei liste med brukarnamn og passord for ein del basar - som td. Ordnett.
Kurs/opplæring
Alle nye studentar har høve til å delta på ein introduksjon til biblioteket, med demonstrasjon av litteratur- og informasjonssøking, elektroniske bestillingsmåtar m.v. Dette vert følgd opp med tilrettelagt undervisning dersom faglærar/ studieansvarleg ynskjer det for sine studentar. Som fjernstudent kan du også ta direkte kontakt med biblioteket for rettleiing eller hjelp til litteratursøk.
Hjelp på nettet
Hjelp til oppgåveskriving og oppsett av litteraturliste – sjå oversyn i ramme til høgre. Der finn du nettstader der du kan lære informasjonssøking og skriving av oppgåver og korleis du lagar litteraturhenvisningar.
Kontakt oss gjerne dersom du har spørsmål!
Sist endra av: Gerd Vik, 08. januar 2007 12:42:50
Publisert av: Guy Steffen Brun, 03. desember 2006 15:31:18
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane