15 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Nyhende via Google Utskriftsvennleg versjon

Ei ny Google-teneste er lansert frå 16.november. Her fangar Google opp nyhende som er publisert i ulike aviser og tenester på Internett.


Me finn saker henta både frå NRK sine heimesider, Dagbladet, Sogn Avis, Hegnar online, VG, Dagsavisen og mange andre kjelder. Også lokalavisene sine saker vert fanga opp og nyhende frå ulike utgjevarar td. heimesidene til ein kommune. Sakene er emnegruppert og du får vite kor lenge det er sidan saka vart publisert hjå utgjevar. Du vil finne lenker til ulike artiklar om same sak.

Google news
er søkbar. Du kan søke på avis/ kjelde eller sak og person m.m. I følgje Google vert tenesta oppdatert kvart 15. minutt.

Følgjer ein ei lenke kjem ein til nettutgåva av avisa. Det er også mogeleg å abonnere på nyhende frå denne tenesta. Det heiter vidare at resultata vert rangert av datamaskiner, utan hjelp frå menneske.

Biblioteket vil samstundes minne om at me har tilgjengeleg ein database med elektronisk arkiv for svært mange norske aviser. Arkivet omfattar trykte utgåver (altså ikkje berre nettutgåve), men manglar bilder. Atekst omfattar 22 aviser/ tidsskrift og går attende til 1980-talet for dei eldste avisene som td. Aftenposten.


Sist endra av: Gerd Vik, 29. november 2006 09:51:08
Publisert av: Gerd Vik, 20. november 2006 13:05:30

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane