01 november 2007
[logg inn]


Søk etter:  i

Sei ifrå

Klikk for større bilete
 

Kvalitetsarbeid er ein kontinuerleg prosess som involverer alle tilsette og studentar. For å kunne forbetre oss er vi avhengig av at du seier di meining om korleis du opplever kvaliteten på ditt studium og din studiekvardag, dei administrative tenestene og servicen ved HSF.

Ros og ris - Uønska hending - Forbetring

Dette meldesystemet kan alle studentar og tilsette bruke til å seie ifrå om ting som er bra eller ting som bør endrast, uønska hendingar, brot på rutinar m.m.

Fyll ut skjema så nøyaktig som mogleg, og kom gjerne med framlegg til korleis problemet kan løysast. Husk å registrere namn og e-postadresse. Anonyme meldingar blir ikkje behandla.

Kva skjer med meldinga di?

Når meldinga er sendt, vert ho registrert og vidaresendt til ansvarleg leiar. Du får ei stadfesting på at ho er motteke. Ansvarleg leiar skal melde tilbake til deg om korleis saka vert følgt opp innan 3 veker.

NB. Sei ifrå – meldingar skal ikkje erstatte den direkte kontakten mellom student og personale. Har du spørsmål eller klager er det viktig at du tek dette opp med den ansvarlege så snart som mogleg eller nyttar etablerte fora som studienemnd eller fagutval.

Sei ifrå






 


Sist endra av: Grete Haugan, 16. februar 2007 12:38:34
Publisert av: Guy Steffen Brun, 12. februar 2007 09:03:47

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane