HSF har ein grafisk profil (ny i 2006) som skal brukast ved utforming av materiell, også annonsar.
I tillegg har HSF ein rekrutteringsprofil (ny kvart år) som vert nytta i rekrutteringssamanheng: katalogar, brosjyrer og annonsering av studietilbod.
Aviser og tidsskrift har ulike spaltebreidder og modular på sine annonsesider. Det gjer at det er ein jobb å utforme ein annonse i vår profil tilpassa ei bestemt avis eller eit bestemt tidsskrift. For å få utforma HSF sine annonsar så godt som mogeleg i høve til dei to profilane, har Høgskulen ein avtale med Firda i Førde om å bruke dei som annonsebyrå.
Det betyr at vi ALLTID bestiller annonsene gjennom Firda. To unntak:
Framgangsmåte ved bestilling av annonse via Firda:
Hugs:
Kostnad
Det kostar sjølvsagt pengar å bruke Firda, men vi sparer mykje tid og krefter ved at prosessen med annonsering vert forenkla. Og ikkje minst: annonsen vert korrekt utforma!
Utforming og formidling av annonse kostar kr. 250,- pr annonse pr. avis/trykksak.
Dersom vi ønskjer at Firda skal innhente opplysningar om annonsestorleikar og prisar frå andre aviser eller tidsskrift, må vi betale ekstra for det: kr. 500,- pr. time (som også er minstepris).
Dersom ein annonse skal inn i Firda, betalar du ikkje ekstra for utforming, berre for sjølve annonseringa.
Dersom ein annonse skal inn i Firda pluss andre lokalaviser i fylket, betalar vi ingenting for utforming eller formidling til dei andre. Avisene i fylket har ein avtale om at dei gjer opp seg imellom.
Firda sender oss faktura på utforming og formidling, medan faktura for sjølve annonseplassen kjem frå dei einskilde avisene/tidsskrifta.
Aviser i Sogn og Fjordane:
Er det meir du lurer på?
Kontakt informasjonsrådgjevar Berit Amundsen.
Sist endra av: Guy Steffen Brun, 02. desember 2006 19:39:53
Publisert av: Guy Steffen Brun, 02. desember 2006 19:39:53
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane