01 november 2007
[logg inn]


Søk etter:  i

Vi må publisere meir.. Utskriftsvennleg versjon

Økonomen, professor Ole Gjølberg, UMB, er leiar for UHR sitt publiseringsutval
Økonomen, professor Ole Gjølberg, UMB, er leiar for UHR sitt publiseringsutval
Klikk for større bilete

HSF har så langt vore mellom dei fremste høgskulane når det gjeld vitskapleg publisering. Men kan vi halde plassen?

Ordninga med publiseringspoeng for universitet og høgskular vart innført i 2004. Så langt har HSF hevda seg godt. Noko også vår kjære fylkesmann Oddvar Flæte trekte fram under si helsingstale til avtroppande rektor Thaule i samband med styremiddagen i Førde 20. juni.

Ordninga har vore noko omstridd. Men det ser ut som ho er i ferd med å få aksept. Og ordninga er truleg komen for å bli. Systemet har skapt større interesse for publisering, og for korleis vi bør organisere, oppmuntre og leie forsking. Slik også ved HSF.

UHR skipa i mai til ein konferanse om systemet. "Penger for publikasjoner", heitte konferansen. Alle innlegga finn du her. Sjå særleg foredraget til Ole Gjølberg, leiar i publiseringsutvalet til UHR. Og sjå gjerne litt på dei siste innlegga under konferansen. Desse handlar om open publisering og publisering i opne arkiv. Dette er tema for HSF sin fagdag fredag 21 september.


Sist endra av: Georg Arnestad, 27. juni 2007 12:54:02
Publisert av: Georg Arnestad, 22. juni 2007 22:15:34

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane